30 mål var ikkje nok
Dette var ein av haustkampane Os skulle vinna.
Søndag tok Os på 10. plass (av 12 lag) imot Årstad (9. plass) til seriekamp i Oshallen. Begge lag sto med 1 siger og 5 tap før kampen starta, Årstad har i tillegg ein uavgjort bak seg.
Heimelaget gjekk i føringa og leia 2-0, men det blei fort tydeleg at dette ikkje skulle bli ein enkel kamp. Os blei innhenta til 3-3 og 5-5, så drog Årstad i frå til 7-10 og 11-15.
Ann Kristin Een Lyssand sto godt i mål, likevel blei det heile 38 baklengs.
– Vi har stått godt i forsvar dei siste kampane, men i dag blei det mykje éin og éin. Dårleg samarbeid bak, og mange balltap og dårlege avsluttingar i angrep, gjorde at det blei vanskeleg for oss i dag, seier trenar Gitte Torp.
– Det er positivt at vi skårer 30 mål, men det blei dessverre ikkje nok.
Os - Årstad 30-38 (13-17)
Os: Ann Kristin Een Lyssand - Irmelin Catarina Munch Lund 6, Line Hjelle Berentsen 6, Benedicte Smith Veseth 3, Ayleen Akyüz Hagen 3, Thiet Dang 3, Nora Marie Johnsen 2, Nora Berge 2, Emma Sælen Lyssand 1, Bente Mjanger 1, Regine Sten 1, Anna Martine Mjånes.
Trass tap kan Os gle seg over 30 mål og heile 10 målskårarar. 6 mål frå strek av Irmelin er spesielt sterkt.
Os sin neste kamp går borte mot Oslo-Studentenes IK (7. plass) om to veker.
• Terminliste og tabell (handball.no)