Næringsliv | 16. nov. 2011

– 30 minutt er perfekt

Rune Walle hos G-Sport er nøgd med ny skilting, nye P-soner og einvegskjørt i Brugata.

– 30 minutt er perfekt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. nov. 2011 12:30

Medan Os sentru er i ferd med å bli skilta på nytt, Brugata i dag blei einvegskjørt og enkelte næringsdrivande og kundar er uroa for handhevinga av reglane tar Rune Walle hos G-Sport endringane med eit smil.

– For det første så har det allereie blitt mykje betre for dei handlande. For det andre blir folk med kontor i sentrum observert når dei spring ut og flyttar på bilen sin annakvar time, i staden for å parkera der dei skal.

– Det har blitt betre, men det er framleis fleire langtidssyndarar i sentrum, så ny skilting og handheving av reglane kjem kundane til gode i aukande grad framover.

– Perfekt for kundane

I årevis har ulovleg langtidparkering opptatt plass for handlande. Os sentrum har vore fylt med bilar som står langt utover dei to timane som er gratis.

No har det kome soner på 8, 3 og 2-timar, og utanfor G-Sport i Brugata, 30-minuttsparkering.

– Dei som skal på storhandel kan stå på 3-timarsparkering. Mine kundar veit stort sett kva dei skal ha, og klarer seg med ein halvtime. Då er det supert at dei som skal på NAV eller på storhandel rundt i Os står andre plassar, så er det ledig rett utanfor butikkdøra mi.

Tryggare for dei yngste

Saman med nye sone-skilt har sentrum blitt merka på nytt og blant anna fått skikkeleg merking av fotgjengarfelt.

– Det går mange skuleungar gjennom sentrum, mørke morgonar og trafikkerte ettermiddagar. Dei veit vel knapt korleis fotgjengarskilt ser ut, så dårleg skilta som det har vore til no.

– Tryggleiken for mjuke trafikkantar har blitt langt betre i sentrum, meiner Walle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.