Dei får ein lettskya dag i fjella i Os, elevane ved Kuventræ barneskule som i dag møtte ved foten av kvar sine lokale toppturar.
– Alle elevane frå 2. til 7. klasse er på tur i dag. Førsteklassingane skal få seg ein tur rundt Ulvenvatnet seinare, seier rektor Olav Røttingen.
Skulen har 365 elevar, 60 av dei går på 1. trinn.
2. trinn tar buss til Strøno for å gå på Hjortåsen, 3. trinn går på Liafjellet, 4. trinn og 7. trinn møtte på Tøsdal for å gå på Borgafjellet og Møsnuken mens 5. trinn og 6. trinn syklar til Hagavik og Lysefjorden for å gå til Høglikampen og Lyshorn.
– Det står på årsplanen til skulen «Fjelltur om vêret tillét det». I dag ser det jo greit ut, seier Røttingen og ser opp på blå himmel.
Fleire av 7. klassingane sykla til Tøsdal, men det blei likevel tett med trafikk til og frå møtestaden fredag morgon.