Lokal | 26. jan. 2020

36 hus blir utan vatn i natt

Vassleidningsbrot på Skeie

36 hus blir utan vatn i natt
Skeisflaten. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. jan. 2020 18:32

Søndag blei det oppdaga eit større vassleidningsbrot på Skeisflaten.

– Rundt 100 kubikk (100.000 liter) med vatn rann ut, fortel avdelingsleiar i teknisk eining i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland.

36 husstandar er ramma.

Desse ligg frå avkøyrsle til Skeismyra (skulane) og nordvest mot Irgenskrysset og Hjorthaugen.

(Artikkelen held fram under bildet)

Kartet viser kvar dei berørte husa ligg. (Kart: Bjørnafjorden kommune)
Kartet viser kvar dei berørte husa ligg. (Kart: Bjørnafjorden kommune)

– Alle fekk varsel før vi stengte av vatnet, eg håper dei har fått tappa ut noko vatn. I tillegg har vi køyrd ut ei vogn med vatn som dei kan henta frå.

Leidningsbrotet er lokalisert, men arbeidet med utbetring er foreløpig ikkje starta.

– Det startar nok ikkje før i morgon tidleg. Bergen Vann er opptatt med eit større vassleidningsbrot i Fana.

Teknisk eining vil oppdatera kommunen sine heimesider med informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.