Om lag som dette ser arkitektane for seg nye Osøyro vest sett i fugleperspektiv frå aust (ill: ABO Plan og Arkitektur for Os kommune)

36 leilegheiter på Fjellheimtomta

Det kan koma 36 leilegheiter på Fjellheimtomta, 48 langs Likbrekko og 20 på barnehagetomta om reguleringsplan for vestre del av sentrum blir vedteken.

image
image
Av: Andris Hamre

Torsdag i neste veke skal plan- og bygningsutvalet ta stilling til om områderegulering for Kvernelva - Stegen, Fjellheim skal leggast ut for offentleg ettersyn. 

Planområdet omfattar vestre del av Os sentrum og trekkjer seg frå rundkjøringa til Os næringspark og inkluderer Byvegen og nedre del av Mobergshaugane, inkludert Os barnehage, Os brannstasjon og det gamle kulturhuset Fjellheim. 

– Føremålet med planarbeidet er å utvikle vestre del av Os sentrum og finne gode heilskaplege løysingar, skriv fagleiar Asle Andås i saksframlegget til politikarane.

125 nye bustadar

Reguleringsplanen, som kommunen har fått utarbeida med hjelp frå ABO Plan og Arkitektur, viser 125 nye bueiningar fordelt på fire områder.

BB1 - opp langs Likbrekko, 48 leilegheiter på omlag 60 kvm fordelt på fire punkthus i fire etasjar
BB2 - Fjellheimtomta, 36 leilegheiter på omlag 60 kvm fordelt på tre punkthus i fire etasjar
BK1 - Tomta til gamle Os barnehage, 20 bueiningar frå 125 til 155 kvm fordelt i rekkjehus
S2 - Nedanfor Stegen bufellesskap/bak dagens Statoil-stasjon, 21 leilegheiter på om lag 80 kvm.

I tillegg kjem dei områda (BB3, BB4, BB5, SE2, SE3 og SE4) som må detaljregulerast før tiltak kan iverksettast.

– For nokre av byggeområda kan det setjast i gang arbeid og tiltak på grunnlag av områdeplanen. For andre område er det krav om detaljregulering, heiter det i saksutgreiinga.

5 etasjar i sentrum

I planen ligg òg dei nye bygga til sentrumsføremål, mellom anna kollektivterminal/parkeringshus ved rådhuset, som tidlegare har vore omtala i stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro. 

– Fire områder er sett av til sentrumsformål, det kan førast opp bygg opp til 4 og 5 etasjer.

– Sentrumsformåla er tiltenkt blanda funksjonar som tildømes forretningar, tenesteyting, parkering, offentlege funksjonar og bustader m.m. Stegen bufellesskap er regulert til offentlig føremål, institusjon, som i dag.

Det er i planen sett av to område for forretning/kontor/tenesteyting, Os næringspark og bensinstasjonen Best. Desse vil ein tillata med ei byggjehøgde på 5 og 4 etasjar.

Ny rundkøyring ved skulen

Årsdøgnstrafikk (ÅDT) på Byvegen er i dag på 11 000 bilar. For å auke trafikktryggleiken legg planforslaget mellom anna opp til ny rundkjøring ved Giskarvollen og ny veg til Holtabrekka. Ein legg òg opp til framføring av gang- og sykkelveg, fortau og planskilt kryssing for fotgjengarar.

Då oppstarten av planarbeidet blei varsla og låg ute til offentleg ettersyn i januar/februar 2012 kom det inn 5 fråsegn frå offentlege instansar og 4 merknadar frå privatpersonar.

Fleire saker