Lokal | 04. juni 2014

37 kontrollerte

Politiet gjekk i sivil, med narkohund, i Os sentrum på dagen i går. På ettermiddagen hadde dei trafikkontroll på Thuen.

37 kontrollerte
Politiet hadde kontroll på Lepsøyvegen ved Thuen tysdag ettermiddag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. juni 2014 07:11

Tysdag hadde politiet i Os fokus på narkotika på dagtid.

– Vi hadde ein sivil patrulje med narkohund og førar som gjekk i og rundt Os sentrum.

– Hunden ville gjort markering om vi møtte nokon med narkotika i lommene, men det blei ingen markering i går, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Fire gebyr på Thuen

På ettermiddagen, frå klokka 18 til 19, hadde politiet trafikkontroll på Lepsøyvegen ved Thuen.

37 bilar blei kontrollert, 4 bilførarar fekk gebyr.

– To av dei hadde gløymt å ta med førarkort, éin kjørte utan vognkort og éin mangla bilbelte.

I tillegg fekk ein bilførar pålegg om utbetring av teknisk feil på bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.