Sport | 04. nov. 2011

4-0 og finaleplass

Os J98 vann serien med 74-3 (!) i målforskjell. Torsdag tok dei seg til KM-finale med solid siger over Sotra.

4-0 og finaleplass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. nov. 2011 07:22

Semifinale i KM J98, Kuventræ 3.11:
Os - Sotra 4-0 (1-0)

Målskårarar: Tonje Stamnes Lindbom 3 og Guro Drange Veglo 1

Os sitt lag: Hanne Velsvik, Anna Lekven Kolskogen, Christina Forstrønen Bruarøy, Kristina Svendsen, Amal Ouhadou, Astrid Lærum, Guro Drange Veglo, Anna Moltubakk, Elin Aadnevik, Dorte Holen, Tonje Stamnes Lindbom, Amalie Thunold Matthiessen, Regina Breivik, Tonje Tøsdal, June Heggland og Inger Lise Sande.

Os har eit sterkt 98-kull, med Os som serievinnar, Nore Neset på 2. plass og Lysekloster på 4. plass i avdeling 4.

Os vann avdelinga og sleppte berre inn 3 mål på 14 kampar. No konkurrerer Os mot vinnarane av dei fem andre avdelingane om kretsmeistertittelen.

Vann kvartfinale på corner

Første kamp var kvartfinale mot Gneist 4 torsdag for ei veke sidan. Kampen var ikkje blant Os sine beste i år, i tillegg var Gneist-laget sterkt.

Kampen enda 0-0, så resultatet blei avgjort på corner, der Os vann 5-1.

Fekk revansje

I semifinalen, som gjekk på Kuventræ torsdag kveld, sto Sotra for tur. Os spelte mot Sotra i BKK cup i vår. Der blei det 2-2 i innleiande rundar og 4-1-tap i finalen.

Spenninga var stor framfor torsdagens kamp, der blant anna mange jamgamle gutar kom med store flagg for å heia fram Os-jentene.

Og det store strileoppgjeret enda med suveren siger til Os. Heimelaget var i føringa heile kampen, men leia berre 1-0 til pause og måtte heile tida passa seg for lynraske Sotra-angriparar.

Men i 2. omgang sette Os fleire av sjansane, kampen enda 4-0. Os leia dessutan 4-0 i tal på cornarar.

Finalen går mot Arna-Bjørnar i Vestlandshallen søndag 13. november klokka 12.00.

Os slo Arna-Bjørnar 1-0 i kvartfinalen i BKK Cup i vår, men ser på finalemotstandaren frå storklubben Arna-Bjørnar som sterk konkurrent.

Fram til KM-finalen neste helg speler Os vidare i Lagunen Fotballfest, ein cup der Nore Neset allereie er vidare til kvartfinale, medan Os si pulje ikkje er ferdigspelt.

Les òg:
– Kven kan slå oss, det kan ingen
Sølv og bronse i BKK cup

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.