Sport | 27. juni 2009

4-0 til Os!

Os tok ein overbevisande siger over Tertnes og tar no sommarferie 7 poeng framfor tabelltoaren.

4-0 til Os!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. juni 2009 16:05

Os leia 1-0 til pause og vann 4-0 i toppkampen på bortebane. Tim Henrik Sperrevik og Christer Olsen skåra kvar sine to mål. I tillegg spelte Voss uavgjort mot Norheimsund, noko som gjer at tabelltrearen no ligg 12 poeng bak serieleiar Os. - 1-0 kom etter pasning frå Stian Lunde. Tim dreiv av ein motspelar og sette den kontant inn frå 20 meter, fortel Frank Hellevik. Resten av 1. omgang var sjansefattig. Ifølgje Hellevik hadde heimelaget éin sjanse og Os to-tre. - Tim kom seg åleine med keeper ein gong, men skaut over. I starten av andre omgang hadde Tertnes ballen mest, men utan å skapa mykje. Os justerte formasjonen, Christer Olsen kom inn i 60. minutt og 7 minutt seinare auka han til 2-0. - Dei siste 20 minutta var fullstendig våre. Tim auka til 3-0 i 85. minutt og Christer sette inn 4-0 og kampens siste mål i 89. minutt. Desse starta for Os: Halvard Enes, Anders Glesnes, Tony Skarvatun, Per S. Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Stian Lunde, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Andreas Bjørnen og Tim Henrik Sperrevik. Byte: Christer Olsen for Valvik (60), Christian Almeland for Bjørnen (68) og Dani A. Bergstø for Moberg (85). - Dette var ein kamp som på mange måtar oppsummerer vårsesongen vår, med bunnsolid forsvar og glitrande overgangar. - Var det nokon som utmerkte seg spesielt positivt i dag? - Ja, blant anna midtstopparane Skarvatun og Merai, og Olsen og Almeland, som begge hadde svært friske innhopp. Almeland var veldig god, på ein halv omgang hadde han ikkje ein einaste feilpasning, seier den nøgde Os-trenaren. I kveld skal vårsesongen feirast, på fest hos Hellevik senior. Også Karstein har trent A-laget til Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.