4-1 i debuten
Lysekloster starta 5. divisjonskarrieren med siger over eit av laga som er venta å kjempa i toppen i år.


Lysekloster - Solid 4-1 (2-1)
Målskårarar, Lysekloster: Thomas Greipsland 2, Øyvind Olsen og Morten Sætre.
- Dette var fantastisk deilig, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
Etter opprykk to år på rad spelte Lysekloster i dag sin første 5. divisjonskamp, på heimebane mot Solid. Solid rykte ned frå 3. divisjon då Os rykte opp i 2006, men gjorde det bra i 4. divisjon.
- 4. divisjon blei som 3. divisjon halvert i fjor, og Solid rykte ned til 5. divisjon med knappast mogleg margin, målforskjell gjorde at dei landa på 7. plass og hamna i divisjon med oss.
Hamna under - tok over
Solid er eit av laga Sandal reknar med vil kjempa i toppen av 5. divisjon i år. God motstand kombinert med seriestart i ny divisjon gjorde Sandal spent før dagens kamp.
- Vi hadde godt publikum, 200-300 kom for å sjå sesongpremeren vår.
Publikum og heimelag fekk seg ein lite kjekk start på dagen, gjestane tok leiinga tidleg i kampen.
- Men vi tok over og leia 2-1 til pause. I periodar spelte vi bra, men dette var ingen storkamp av oss. Det er likevel OK, premierenerver har alle lov å ha og 4-1 over Solid er ein god start.
Lysekloster sitt lag frå start: Ole Kristian Olsen, Steffen Finsådal, Kim Krogsethagen, Andreas Fosse, Morten Buvik, Baste Jonassen, Ole Christian Jørgensen, Lars Sperrevik, Øyvind Olsen, Thomas Greipsland og Morten Sætre.
Innbytarar med speletid: Joakim Hovden, Steffen Vindal, Benjamin Olsen, Eirik Kvittingen og Lasse Leivstad.
Lysekloster speler neste kamp mot nok eit lag som er venta å kjempa i toppen av 5. divisjonstabellen i år, Trott 1. Den kampen går på bortebane søndag om ei veke.
- Eg reknar med at det blir ein del lag som kjem til å slå kvarandre i år, Søre Neset, Fusa, Solid, Trott, Fitjar og Rosendal blir nok våre tøffaste konkurrentar, trur Ørjan Sandal.
Etter Trott-kampen ventar heimekamp mot Fusa (1. mai) og bortekamp mot Søre Neset (8. mai).