Sport | 27. sep. 2009

4-3-siger på Halhjem

Søre Neset spelte ein god, men spennande kamp på det søkkvåte kunstgraset på Halhjem sundag ettermiddag.

4-3-siger på Halhjem
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. sep. 2009 18:57

Bildeserie:

1 av 6

Med 0-2-tapet for Nordre Fjell i førre heimekamp mista Søre Neset truleg opprykkstoget. Men dei har tydelegvis likevel planar om å avslutta årets sesong med stil, og gjev ingenting ved døra i kampen om 3. plassen.

- Vi ligg åtte poeng bak Erdal, som også vann i 19. runde, så 2. plassen kan vi nok sjå vekk frå. Men vi er berre fire poeng frå 3. plass, den er vi fleire som kjempar om, seier trenar Bjarte Arentzen.

I dag låg dei likt med Nest-Sotra 2 tre gongar, men tok alle poenga på heimebane.

- Best i første
Kjetil Henriksen sørgja for 1-0 til Søre Neset, men Nest Sotra utlikna. Anders Kinden skåra 2-1-målet, men rett før pause klarte gjestane å utlikna igjen.

- Vi var best i første omgang, men gav dessverre vekk to dumme mål, meiner Arentzen.

- Andre omgang blei jamnare, men nokre flotte redningar av Torleif (Nesse) og eit godt innhopp av Robin Hjertnes var med på å gje oss full pott.

Henriksen igjen
Henriksen var også sist på ballen då Søre Neset tok leiinga igjen, og han var ikkje langt vekke på eit frsøk på brasse etter at Hufthammer hadde nikka vidare eit av fleire gode innlegg frå Andreas Pettersen sin venstrekant.

- Andreas sin innleggsfot er veldig stødig, du veit alltid kva du får frå han, skryt Bjarte.

Etter 3-2-skåringa blei det ikkje fleire utlikningar. Robin Hjertnes kom innpå og vann fleire duellar på venstrekant før han var høgast i lufta på ein ball frå høgrekant. Ballen gjekk i fin boge over keeper og inn til 4-2.

I 91. minutt reduserte gjestane, etter at to-tre spelarar kom seg forbi midtforsvaret.

Spelande trenar Frank Haugland fekk seg ein smell i foten i ein duell i andre omgang, der både han og motstandaren gjekk i for fullt. Begge måtte hinka av banen og såg etter kampen ut til å bli hinkande ei stund.

Desse starta for Søre Neset i dag (4-4-2): Torleif Nesse, Morten Røttingen, Audun Røren, Thomas Halhjem, Tommy Matre, Kjetil Henriksen, Kenneth Hufthammer, Emilis Kazinskis, Andreas Pettersen, Frank Haugland og Anders Kinden.

Søre Neset spelar neste kamp på bortebane mot Fjell-Kameraterne, som ligg nest nederst på tabellen.

SJÅ TABELL


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.