Fotball | 23. aug. 2010

4 lag - 10 poeng

Både Søre Neset, Lysekloster, Nore Neset og Søfteland tok poeng i helga.

4 lag - 10 poeng
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. aug. 2010 11:58


Serieleiar Søfteland spelte 3-3 borte mot Njardar/Tysnes i første kamp etter ferien og tok ein solid 7-3-siger over Fotlandsvåg på heimebane sundag.

- Vi var i det gjestmilde hjørnet for Fotlandsvåg fekk lov til å ta leiinga to minutt ut i kampen. Men derfrå og ut var det berre eitt lag på banen, seier trenar Bjørn Mjelva.

0-1 blei snudd til 4-2 til pause. I andre omgang kom yttarlegare tre skåringar.

Årets mål
Søfteland auka til 6-2 før gjestane reduserte. Men så kom Jona Are Sørås, som nyleg har vore gjennom ei fadderveke som tydelegvis ikkje har vore heftig nok, og klinte inn årets mål på Stilvoll.

- Jon Are kom med ein kanon frå 30 meter og klin i vinkelen! fortel Mjelva.

Sørås skåra 2 mål i kampen, Kristoffer Morvik 3. Erik Skåtøy og Jørgen Wold sto for dei to andre.

Rong, som også vann i helga, ligg på 2. plass i 7. divisjonsavdelinga, 3 poeng bak.

SJÅ TABELL 7. divisjon avd. 3
(Nore Neset, Søfteland og Lysekloster 2)

Nore Neset vann 3-0
Nore Neset starta hausten med ein fin 3-0-siger over Ragnarok, laget dei i vår slo 14-1 på heimebane.

- Vi styrte banespelet og skapte sikkert 20 sjansar, men resultatet blei ikkje like bra som på heimebane, seier trenar Kenneth Svenningsen.

Christer Røen gav Nore Neset 1-0-leiinga rett før pause, Tony André Fagerthun og Alexander Thuen skåra dei to neste i andre omgang.

- Sjølv om vi har trent bra i sommar var det tydeleg at enkelte har hatt ein litt for komfortabel ferie, så det blir ein del kondisjonstrening utover hausten.

Keeper på plass
Arne Veim Haugland, som også vakta Nore Neset-buret i nokre kampar i vår, er tilbake i mål siste halvdel av sesongen.

- Vi har måtta bruka utespelarar i mål i ein del kampar. At vi no har fått keeper, og ein god keeper, kan bety mykje i siste halvdel av det vi håpar skal bli ein opprykksesong.

Tre lag rykker opp frå 7. divisjon og Nore Neset ligg berre to poeng frå 3. plassen.

Lysekloster 2 heng med i øvre halvdel av tabellen. Her blir kveldens kamp mot Njardar/Tysnes, som ligg på plassen bak, viktig.

8-2 til Lysekloster
Lysekloster sitt A-lag held fram med sigersrekkja i 6. divisjon. Det nyopprykka laget står utan tap og med berre éin uavgjort, fredag vann den suverene serieleiaren 8-2 over Olsvik på heimebane.

Lysekloster sine målskårarar: Thomas Greipsland (5), Benjamin Olsen, Morten Sæthre og Joakim Hovden.

SJÅ TABELL

Søre Neset gav vekk to poeng
Søre Neset leia helgas bortekamp 3-0 over Austevoll 2.

Emilis Zilinskas skåra to av måla, Anders Kinden eitt.

Men heimelaget kom tilbake, reduserte og utlikna rett før slutt. Dermed måtte Søre Neset finna seg i å dela poeng medan serieleiar Krabbetor tok nok ein siger og auka luka bak til sørenesingane på 2. plass.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.