Sport | 07. mai 2009

4 mål på 13 minutt

Etter ein svak halvtime tok Os leiinga, og så lausna det. Os toppar tabellen etter 4-0 over Lyngbø.

4 mål på 13 minutt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mai 2009 20:30

Bildeserie:

1 av 6

Torsdag kveld spelte Os fjerde serierunde, og årets andre heimekamp gjekk mot Lyngbø, eit lag med like mange poeng som Os på dei tre første kampane.

Os starta svakt, Lyngbø var som venta aggressive, og kom tidleg i kampen til med både ei bra avslutting på mål og fleire hjørnespark.

- Vi visste at Lyngbø kom til å kjøra bra tempo, derfor var det skuffande at ikkje spelarane jobba like hardt som vi hadde blitt einige om, seier Frank Hellevik.

Men trenaren tar også på seg delar av skulda for den dårlege starten.

- Etter 20 minutt ba eg dei låsa av oppe, slik at Lyngbø-keeperen måtte skyta ut i staden for å spela ballen ut. Då byrja vi å skapa noko, og dette burde eg sett tidlegare, innrømmer han.

Tre kjappe
Både Preben Borgen og Christer Olsen var nær på skåring før kampens første mål kom. Andreas Bjørnen kom med eit fint og hardt innlegg frå venstrekant. Olsen sto klar til å skyta, men ballen gjekk via ein Lyngbø-forsvarar i skuldera på keeper og i mål.

1-0 til Os etter 34 minutt. To minutt etterpå blei Borgen felt. Anders Glesnes er kjent for å skyta godt, og fekk grønt lys til å fyra av direkte på mål frå 28 meter. Frisparket gjekk rett i nota, 2-0 etter 36 minutt!

Eitt minutt før pause var Borgen på plass igjen. Denne gong gjekk han ikkje i bakken, men skaut frå omtrent same avstand som Glesnes, også han til høgre for keeper, også han rett i mål.

God start på andre omgang
Os kom på banen med same offensiv som i slutten av første omgang. Etter eit skot som gjekk like over kom Bjørnen gjennom etter innlegg frå Lunde. Skotet gjekk i stanga, men Hjertnes streifa forbi og la venstre breiside til. Ballen blei kontrollert vippa over keeper til 4-0.

Etter dette heldt Os fram med å halda ballen i laget, og spelte fram fleire halvstore sjansar. Debutant Erik Kanestrøm kom saman med venstreback Remi Osebakken til fleire fine innlegg, og Christer Olsen, som jobba knallhardt, hadde også nokre sololøp som kunne ha enda i auka leiing. Det er underhaldande å vera på Kuventræ for tida!

Også Tore Valvik, som kom innpå for ein utmatta Olsen, var nær på skåring.

- Det var kjekt å spela spiss, og det lønte seg nesten òg, seier Tore, som normalt herjar på midtbanen.

Ei heading i målveggen var det nærmaste han kom 5-0.

Tett bak
Lyngbø kom til nokre innlegg også i andre omgang, men bakre firer og dirigent Halvard Enes heldt buret reint. Særleg god var Per Søgnen Merai, som blei kåra til beste osing. Medan Algrøy var tidleg frampå for å stoppa angrepa, sprang Merai mykje, og var alltid på rett plass om ballen spratt forbi midtstopparkollegaen.

- Per var super i dag, eg er heilt einig i kåringa av beste spelar, seier trenaren.

- Og så er det kjekt å sjå kor godt debutante Kanestrøm klarte seg. No har vi brukt tre av spelarane som var på gutelaget i fjor, og fleire kjem. At vi kan vinna kampar utan å ha Tim på banen er også greit, seier Hellevik.

- Det gjekk fint å sitja på benken, men eg fekk lyst til å gjera eit eller anna då eg såg kor dårleg det gjekk i starten. Men så snudde det til ein OK kamp, og Hovding skal ikkje få det lett lovar veteranen Sperrevik.

Kampen enda 4-0, og Os toppar tabellen.

Desse spelte frå start (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Stian Lunde, Torkel Hjertnes, Andreas Bjørnen og Christer Olsen.

Preben Borgen og kaptein Stian Lunde, som også gjorde ein god kamp i dag, fekk gult kort.

Neste går på bortebane mot serieleiar Hovding. Hovding spelar mot Voss på bortebane før dei tar i mot Os fredag om ei veke.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.