4. plass av 66 lag
– Dette kan jentene vera stolte av, seier Nore Neset-trenaren etter dagens bronsefinale.
Nore Neset J14 sto som puljevinnarar med 17-2 i målforskjell etter innleiande rundar. Også i sluttspelet suste dei vidare, med 9-2 i målforskjell i dei tre første kampane.
Men gårsdagens semifinale blei mållaus etter full tid. I ekstraomgangane var det golden goal, altså kampen avgjort ved første skåring.
– Det var eit surare tap i går enn i dag. Vi var klart best spelemessig og hadde flest sjansar, Lambertseter redda tre skot på strek før dei, to minutt før slutt, skåra på oss, seier Morten Døsen.
Han trener Nore Neset-jentene saman med Eirik Kvittingen, Kenneth Moland og Sverre Johan Fløysand.
0-0 til pause
I dag måtte dei vekka jentene klokka 05.30, bronsefinalen mot Gjelleråsen starta klokka 08.00.
– Jentene har vore heilt fantastiske, og klarte å motivera seg til skikkeleg innsats i ein morgonkamp etter gårsdagens sure tap.
Til pause sto det 0-0. Gjelleråsen vann til slutt 3-0.
– Kampen bølga litt fram og tilbake. Begge lag hadde sjansar, men Gjelleråsen var kanskje hakket kvassare enn oss. To av måla såg for oss ut som offside, men alt i alt er det ikkje noko å seia på at dei vann kampen.
I finalen tapte Lambertseter 0-2 for nordkoreanske Pyongyang.
Ny, tøff kamp på torsdag
Norenesingane er no på veg til hotellet for å pakka.
– Det har vore ei kjekk og lærerik turnering, jentene tar nok med seg mykje frå denne opplevinga inn i haustsesongen.
Før serien startar, allereie førstkomande helg, skal Nore Neset spela turnering mot inviterte topplag frå Vestlandet, Austlandet og Sverige - i Fyllingsdalen.
– Vår første kamp i den turneringa er på torsdag, så no er det heim og slikka såra etter ein lang cup i Oslo, og så blir det litt trening før ny turnering, seier Døsen.
• Klokka 15.50 i dag skal Os G17 spela finale mot Sotra. Denne blir sendt direkte på TV2 Sportskanalen.