Sport | 03. aug. 2019

4 straffar i kampen - 3 poeng til Lysekloster

Avgjorde i sluttminuttet borte mot Stord.

4 straffar i kampen - 3 poeng til Lysekloster
Simen August Næss skåra tre mål i dag, to av dei på straffe. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 03. aug. 2019 17:43

Lysekloster tok i dag nok ein siger, denne gong på bortebane over Stord, som låg tre poeng bak før kampstart.

Laga skåra to mål kvar på straffe i ein kamp som begge såg ut til å ha ei offensiv innstilling til.

– Alle dei fire straffesparka var unødvendige. Med det meiner eg at det neppe ville blitt skåring utan taklingane som førte til straffe, meiner Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Det blei sju gule kort, men ingen utvisingar.

– Eg skulle ønskt at vi tok ned litt av adrenalin-nivået då vi leia 3-1, i staden gjorde vi nokre dumme feil og sleppte vertane inn igjen i kampen.

Simen A. Næss skåra tre mål, to av dei på straffe, det siste i 89. minutt.

Stord - Lysekloster 3-4 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Joachim Sæle Westrheim (41.) og Simen August Næss (59., 62. og 89., dei to siste på straffe).

Stord gjekk opp i 0-1 i 4. minutt, Lysekloster utlikna fire minutt før pause.

Så gjekk gjestane opp i 1-3 før Stord reduserte og seinare utlikna på straffe (72. og 84).

Lysekloster har klatra frå 11 til 3 poeng frå toppen og ligg no på 3. plass på tabellen.

Dei speler neste kamp borte mot Bergen Nord fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.