Lokal | 09. nov. 2009

4000 for feil lysbruk

Fredag og laurdag hadde politiet fokus på lysbruk. Enkelte treng å høyra ting fleire gongar for å læra.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. nov. 2009 10:45

Muntleg pålegg er ofte reaksjon frå politiet på feil lysbruk, men tidlegare i haust åtvara Os lensmannskontor om auka fokus på lysbruk, og spesielt feil bruk av kurve-/tåkelys.

I helga hadde politiet trafikkontroll fleire stadar i bygda, til saman rundt 70 bilar blei kontrollerte.

- Det blei skrive ut 8 forenkla forelegg for feil lysbruk. Det såg ut som om dei fleste lærte av dette, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Dei fleste betyr ikkje alle. Kvart forelegg var på 2000 kroner, og ein av dei som blei stoppa med kurvelys i mørket fredag kveld blei også stoppa av same årsak laurdag kveld.

Å spandera 4000 kroner på éin helg, på å få bilen til å sjå litt stiligare ut, kan verka drygt.

I tillegg blir ikkje kurvelys sett på som godt nok i mørket, kurvelys er berre lov å bruka når det er lyst, og då saman med parkeringslys, ikkje kjørelys.

I tillegg til lys-syndarane blei det stoppa ein moped med trimsett. Mopedføraren fekk forelegg og pålegg om å fjerna trimsettet. Vedkomande må også visa mopeden med lovleg motor for å få kjøra med den igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.