midtsiden

400.000 til Endelausemarka

Os kommune har fått 400.000 til utvikling av næringsareala i Endelausemarka.

Av: Andris Hamre

Tysdag 16. november delte Bjørnefjorden Næringsfond ut 760.000 kroner til utvikling av næringsareal i Os, Fusa og Samnanger. Av desse midla fekk Os kommune 400.000 kroner til utvikling av Endelausemarka.

- Os kommune har som ambisjon at Endelausemarka skal framstå som det nye tyngdepunktet for næringsetablering i Bergen syd, seier ordfører Terje Søviknes i ei pressemelding.

- Å sikre næringslivet tilgong på gode næringsareal er ei klar prioritet for kommunen, seier Søviknes.

800 mål
Arealet i Endelausemarka er på ca 800 mål og skal utviklast parallelt med bygginga av den nye stamvegen mellom Os og Bergen. Truleg vil begge prosjekta stå ferdig i 2015/2016.

- Business Region Bergen si kartlegging av ledige næringsareal i Bergensområdet visar at Endelausemarka er den største næringsarealreserven i regionen. Det kan samanlignast med områda på Kokstad og Sandsli i Bergen, avsluttar Søviknes.

Fleire saker