43 hus - 73 interessentar
I dag kan dei første husa i Hamnehagen bli selt.
Bygg Concept held i dag informasjon- og salsmøte for dei 43 husa i prosjektet "Hamnehagen".
ABO plan og arkitektur har teikna prosjektet som Bygg Concept vil bygga i Hamnevegen, rett bak Os Eldresenter.
Les òg: Fekk halda på hus 3
– Vi har ikkje annonsert noko, men det kom tidleg mange interessentar, fortel Øyvind Tøsdal, dagleg leiar i Bygg Concept AS.
Spent på starten
Om det står 73 på lista reknar han ikkje med å bli utselt første dag.
– Men det skal bli spennande å sjå kor interesserte dei verkeleg er, og om det er nokre som teiknar seg allereie i dag.
Møtet er i eldresenteret i ettermiddag, og her kan dei første kontraktane bli teikna.
Frå 3 til over 6 mill
Prosjektet består av 43 husvære frå 66 til 135 kvadratmeter store. Prisane ligg frå rett under 3 millionar til over 6 millionar kroner.
– Om det blir kamp om enkelte husvære så er det dei som først skreiv seg opp på lista får velja først, seier Tøsdal.