Una Berntsen Seland - 17 år og skuleelev. På fritida er ho sirkusdirektør og litt hest ved Fyllingsdalen Teater. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

43 rundar med Pippi før mai

Una Berntsen Seland har eitt mål; å bli skodespelar på heiltid.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

17-åringen bur på Strøno og går på dramalinja på Fyllingsdalen videregående skole.

Dette inneber at ein vanleg dag byrjar klokka fem. Men kor andre ungdomar gjerne dreg heim att etter skulen, går Una vidare for å spela teater.

Då kan klokka fort bli både ni og ti på kvelden før ho er heime att.

På scenen i 12 år

– Eg har vel stått på scenen sidan eg var fem år gammal, fortel Una.

– Det byrja med dans og fleire år i kulturskulen, men då eg i 8.klasse vart med i Os barne- og ungdomsteater, vart eg nok biten av teater-basillen. 

Una var òg å sjå på scenen under Havfest-framsyninga i 2013, men fram til mai er det Astrid Lindgren sitt Pippi-univers alt handlar om.

Ulv, hest, flammedansar og sirkusdirektør

Una speler fleire roller i Fyllingsdalen Teater si oppføring av Pippi Langstrømpe.

Mellom anna er ho innom på scenen som hesten til Pippi, men det er rolla som sirkusdirektør som er hovudrolla hennar. 

– Korleis fekk du rolla - vart du «headhunta», eller stilte du på audition?

– Då eg byrja på skule i Fyllingsdalen fann eg raskt ut at eg ville spela på Fyllingsdalen Teater. Eg kom i kontakt med teatersjefen og vart etterkvart beden om å stilla på audition til Brødrene Løvehjerte-framsyningane dei hadde i fjor haust. Då landa eg fleire mindre roller, mellom anna som ulv og flammedansar. 

Rolla som Pippi fekk ho ikkje. 

– Nei, Pippi si rolle var eg for gamal til, kjem det det lattermildt frå Una. 

Med på 43 av 60 framsyningar

Premieren på Pippi-stykket var 21.februar, og siste framsyning er 12.mai.

Una fortel at før premieren var det seld 3000 billettar. 

– Halvparten av billettane  er allereie selde, så det tydeleg at stykket fell i smak hos publikum.

– Du skal vera med på 43 av totalt 60 framsyningar fram til mai - kva er det som driv deg til å gjera dette - frivillig?

– Først av alt så elskar eg å stå på scenen. Det har eg gjort i mange år.

– Eg trivst framfor publikum, det gjev meg ei god kjensle og det gjev meg adrenalin. Kvar gong eg går inn i teateret får eg ei god kjensle. 

Una innrømmer at, ja, det er kanskje litt hektisk til tider, og at ho heime av og til får høyra: «gjer du kanskje ikkje på litt mykje no, Una?»

Una er rask med å skryta av støtta ho får heimefrå, og då spesielt frå mora;

– Eg veit at mamma er stolt av meg, og 100 prosent bak meg. Ho var nok ganske lik i same alderen, så der er vi heilt samstemde.

London is the reason

Una er imponerande reflektert, same kva artikkelforfattaren prøver seg med av «smarte» vaksenspørsmål. 

– Kva tenkjer ho på når ho er på scenen - fell ut ho av rolla av og til? 

– Nei, eg er jo sjølvsagt i rolla og fokusert.  

– Har du ein plan B, om det ikkje vert noko av livet som skodespelar?

– Nei. Dette er det eg vil. Det måtte eg òg fortelja rådgjevaren som forsøkte seg med; «Men Una, kva er det du eigentleg vil bli?» 

Kvar er du om 10 år?

– Om 10 år eg i London.

– Før det har eg teke ein bachelor i musikkteater, sikkert ein stad i England. Helst speler eg ei rolle i Les Misérables, og eg lev av det.

Dei fleste tekstane kan ho allereie, og ho har allereie vore i London og sett framsyninga.

På tampen av intervjuet kjem Una på at, jo, ho har ein liten plan B om teater-karriera ikkje skulle lukkast.

– Då vert eg dramakritikar. Det hadde vært litt ironisk.

«Der sit ho som ikkje vart skodespelar, men no sit ho her for å kritisera oss». 

Fleire saker