45 blei meldt
Aksjonerte i Hordaland: Fleire syndarar tatt i nabokommunane til Os.
Tysdag 19. juli blei det gjennomført ein koordinert aksjon mot ulovleg fangst av hummar. Aksjonen er i regi av Økokrim, der lokale aktørar utfører aksjonen, skriv Hordaland politidistrikt i ei pressemelding.
Det deltok personell frå politiet og Statens naturoppsyn. Det var med tre båtar frå SNO, politibåten til Hordaland politidistrikt og tenestemenn frå lokale lensmannsdistrikt.
Områda som blei undersøkt var Austevoll, Sund og Fjell, Halsnøy/Husnes og indre del av Hardangerfjorden, frå Ålvik og innover.
Resultatet av aksjonen blei beslag av:
• 52 teiner
• 10 ruser
• 3 garn
• 3 hummar
• 3 sjøaure
45 saker blei meldt til politiet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.