Sport | 02. aug. 2017

5 av 10 lag til A-sluttspel

Os Fotball, Nore Neset og Jadakameratene med viktige sigrar i Norway Cup.

5 av 10 lag til A-sluttspel
Ismael på Os G15/16. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. aug. 2017 08:45

Tysdag var siste dag i puljespelet, kampar som blei avgjerande for fleire av laga frå Osbygda.

3 av 6 gutelag frå Os gjekk saman med Jadakameratene til A-sluttspel i Norway Cup.

Det same gjorde 1 av 3 jentelag, to frå Nore Neset og eitt frå Os (i samarbeid med Nore Neset).

Her er kampane til laga frå Os i A-sluttspel (bane i parantes). Os G15/16 har allereie spelt sin første i A-sluttspelet og blei slått ut.

Laga frå Os i A-sluttspel:
Onsdag kl 09.00 (36 EK11) Drøbak - Os (1/64 G15/16) Resultat: 5-1
Onsdag kl 14.15 (18 EK7) Jada - Håkvik (1/16 G15/16)
Onsdag kl 16.00 (04 NA11) Olve SC (Tyskland) - Os (1/32 G14)
Torsdag kl 09.00 (36 EK11) Holmen - Nore Neset (1/16 J14)
Fredag kl 11.15 (06 EK11) Os mot vinner av Lyn-Svelvik (1/4 G17)

J14 avslutta med storsiger

Nore Neset stilte med to lag, eitt i 11-ar og eitt i 7-ar. 11-arlaget, som i fjor vann Sør Cup, starta med tap, men sikra 2. plass med stosiger tysdag ettermiddag.

Resultat i gruppespelet:
Lom - Nore Neset 5-1
Ranheim - Nore Neset 1-5
Nore Neset - Vollen 7-0

7-arlaget kom på 3. plass i ei pulje med 5 lag og speler B-sluttspel.

Jenter 15 frå Os starta med uavgjort, men tapte dei to neste og hamna sist i pulja.

G14 vidare etter siger over Sogndal

Os G14 (11-ar) trengte siger i siste kamp for å gå til A-sluttspel. Dei slo Sogndal og tok 2. plass i pulja.

Resultat i gruppespelet:
Grei - Os 2-2
Eide og Omegn - Os 0-2
Os - Sogndal 1-0

To av tre vidare i G15/16

I denne store klassen, med heile 44 puljer, har Os to lag. Os 1 starta med tap, men henta seg inn igjen og sikra 2. plass i pulja med 2-1-siger i siste innleiande kamp.

Resultat i gruppespelet:
Os - Bærumsverk 1-3
Skarp - Os 0-1
Os KIL/Hemne 2-1

Det andre Os-laget tapte alle sine tre kampar.

I 7-ar stiller kameratgjengen i «Gutta Krutt FC», som ikkje er aktive, men som har meldt seg på via Jadakameratene.

Laget, som i hovudsak består av handballspelarar, ein del av dei med tidlegare fotballerfaring, vann pulja si.

Resultat i gruppespelet:
Jada - Stordal 1-1
Jada - Andebu 5-0
Nesbyen - Jada 1-6

G17 - eitt av to lag til A-sluttspel

Os G17 sitt førstelag fekk namnet Os 2 i Norway Cup. Dei var, som tidlegare omtalt, klare for kvartfinale som puljevinnar allereie etter andre kamp, som blei spelt måndag.

Resultat i gruppespelet:
Bremnes - Os 0-7
Os - Germania Salchendorf 3-0
Os - Molde 2-2

Det andre G17-laget til Os kom på 3. plass i pulja etter siger, tap og uavgjort, og hamna i B-sluttspelet.

Juniorar utan innbytarar

Os stiller berre med eitt juniorlag i år, og hadde 14 spelarar med seg.

Skade og sjukdom gjer at laget no står utan innbytarar. Dei hamna på 4. plass av 5 lag i gruppa, og skal no i B-sluttspel.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.