5 konsertar på 18 timar
Kongshaug, som fyller 10 år i år, runder av semesteret med julekonsert i kveld. I morgon startar dagen klokka 4.30.


- Elevane tar det med eit smil, eg trur dei synes det er kjekt å gjera noko spesielt denne siste veka, seier rektor Oddvar Rotvik.
Tysdag kveld klokkka 19 held dei 90 elevane julekonsert i Os kyrkje, onsdag byrjar med morgonkonsert klokka 7.30, konsert for ungdomsskulane på Os og Søfteland klokka 10.15, for Os vidaregåande skule klokka 12.00 og for Os gymnas klokka 13.15. Alle i Os kyrkje.
- I dag hadde vi frukost litt seint, så dei fekk lada litt opp til i kveld og den travle dagen i morgon. Vi må vera på plass i kyrkja klokka 6 for å førebu oss til morgonkonserten, seier Rotvik.
Konserten i kveld er open for alle, morgonkonserten med påfølgjande frukost i Kyrkjetunet er næringsdrivande i Os som sponsar og inviterer til.
- Alle elevane, i snitt 30 på kvart årstrinn, er med. Ei av utfordringane er å la flest mogleg enkeltelevar få visa seg fram, samstundes som vi gjer dette i lag. Mange får oppgåver som solist og musikarar, og 3. klassingane er kvart år prioritert.
Rektor synes desse konsertane er ei fin avslutting på semesteret, og litt spesielt i dette jubileumsåret 10 år etter at skulen blei musikkgymnas.
- Vi har hatt eit år med spennande konsertar i Bergen og tid på TV, noko det blir meir av neste år. Det blir flott å avslutta i heimbygda, for det vi reknar med kjem til å bli til saman rundt 1000 publikummarar.
På programmet står blant anna låtar som «O helga natt», «Nå vandrer fra hver en verdens krok», «O come all ye fathful», «Mary did you know» og «Glade jul».
Under kan du sjå ein videosnutt frå øvinga i dag, der elevane syng «And the glory»eit stykke frå Händels Messias.