Lokal | 23. aug. 2012

5 mm frå lekkasje

– Det var rett før avdelinga "Kråkebollen" sto under vatn, så nær har vi aldri vore før, seier Rolf Årseth frå Kulur Kuvågen Barnehage.

5 mm frå lekkasje
Sånn såg det ut utanfor Kuvågen Barnehage onsdag kveld. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. aug. 2012 11:27

Fleire bedrifter og privatpersonar fekk problem etter at store nedbørsmengder skapte flaum i Os onsdag ettermiddag.

Utanfor Kuvågen Barnehage sto vatnet svært høgt.

– Det var berre ein halv centimeter frå at Kråkebollen blei fylt med vatn, fortel Årseth, innehavar av Kulur Kuvågen Barnehage.

Barnehagen kunne likevel halda ope som normalt i dag.

– Om utearealet får meir enn 10 cm med overvatn så må dei delane som har djupt vatn stengast av, men det er vurderinger vi tar undervegs.

Sjekkar slukar og kostar vegar

Teknisk vakt hos Os kommune har inntrykk av at det står greit til dei fleste plassar i Os i dag.

– Vi har ikkje fått fleire meldingar om problem i dag. No er vi ute og sjekkar slukar og kostar vegar fri for grus, fortel Kjell Flaterås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.