Sport | 22. okt. 2012

5. og 2. plass til Espen og Klas

Espen Rognsvåg, Klas Færøvik og Kjetil Styrvoll gjorde det skarpt i kvar sine løp i helga.

5. og 2. plass til Espen og Klas
Espen og Klas, her på veg opp Liafjellet, gjorde det bra i kvar sine løp i helga. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. okt. 2012 10:02

To motbakkeløparar frå Os deltok i kvar sine lokale løp i helga.

Laurdag var Klas Færøvik og Kjetil Styrvoll i sving i Stego Opp på Kalandseid.

Stego Opp er 1.765 meter lang og 214 høgdemeter opp.

Klas vann klassen sin (35-49 år) og kom på 2. plass totalt med tida 10:11, 8 sekund bak vinnaren Øyvind Loftås (20-34 år).

Kjetil Styrvoll kom på 2. plass i same klasse som Klas og på 4. plass totalt.

God start i Blåmannsløpene

Søndag stilte Espen Rognsvåg til start i Blåmannstrippelen for første gong.

– Eg hadde ein skade i leggen som eg oppdaga på trening måndag førre veke, men bestemte meg for å delta og det gjekk ganske bra, seier Espen.

Espen hamna på 3. plass i klassen sin (menn senior) og 5. plass totalt etter å ha brukt 33:32 på den 6,5 km lange løypa (500 høgdemeter).

– Dette er eit godt utgangspunkt for dei to neste løpa, som er meir kupert, noko som passar meg betre enn jamn og samanhengande stigning.

Blåmannsløpene er tre ulike løp i meir eller mindre same terreng, men med ulik start frå løp til løp. Neste løp er om to veker.

Også mor til Espen, Turid, deltok. Ho kom på 3. plass i sin klasse (50-54 år) med tida 52:06.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.