Sport | 28. sep. 2009

5. plass i NM

William, Marco og Nicolay stilte som første osingar og einaste vestlendingar i lag-NM på Gardermoen i helga.

5. plass i NM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. sep. 2009 10:41

- Det gjekk ikkje fullt så bra som vi hadde håpa på, men 5. plass blant 12 klubbar er likevel bra, seier Jarle Matre.

Jarle er far til Marco, ein av tre kjørarar på Os sitt lag i lag-NM i motocross på Gardermoen i helga. Dei andre på laget var William Havsgård og Nicolay Skjeie.

- Det er fleire klubbar som har sine stjerner, men ikkje så mange som har fleire stabile, gode kjørarar i same klasse.

Fall og siger
I lag-NM kjører kvar deltakar to heat. William var uheldig i første heat, då han ramla over styret og måtte bryta. I andre heat kom han sterkt tilbake med ein fin 4. plass.

Marco var også nedpå i første heat, men fullførte til 6. plass. I andre heat blei det siger på motocrosstalentet frå Lekven.

Nicolay held seg på hjul i begge heata, og hamna på 19. plass i første heat og 13. plass i andre.

Uvant
Lag-NM er eit stort arrangement for både juniorar og seniorar, og arrangørane og deltakarane koste seg i strålande sol heile helga.

- Banen var ein rein sandbane, og både solskin og sand var nok litt uvant for oss vestlendingar, ler Jarle.

Lag frå 5. plass og opp fekk premie, så det blei både medalje og fine erfaringar frå helga på Gardermoen.

(Vi publiserte tidlegare i dag eit bilde av ein Nicolay. Det var ikkje Skjeie, men Moss Tveit)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.