Lokal | 17. des. 2009

50 (!) cm snø i vente!

Finn fram akebretta og vinterdekka, laurdag er det venta heile 50 cm snø i Os!

50 (!) cm snø i vente!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. des. 2009 14:35

Det er meldt frisk bris og heile 70 mm nedbør i form av snø førstkomande laurdag!

Tommefinger-regelen er éin cm snø per mm nedbør, men med 1 plussgrad kjem nok snøen til å pakka seg litt, så snødjupna blir nok «berre» på i underkant av ein halv meter.

Sundag er det venta 5 minusgradar, i heile neste veke skal det bli mellom 6 og 10 minusgradar. Det betyr at heile starten på juleferien, også julaftan, blir krittkvit i Os.

Sjå oppdatert vêrmelding for Osøyro på yr.no

Voss Fjellandsby har 17 mm nedbør i vente laurdag, Voss Resort 21 mm og Eikedalen Skisenter 32 mm.

Voss Fjellandsby har hatt ope nokre veker, kor tid Voss Resort opnar er førebels uvisst. Eikedalen Skisenter håpar på å opna to heisar til helga (truleg sundag).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.