58.000 på éin dag
Osøren Blues & Jazzfestival har hatt ein rekordgod start på billettsalet. Først i dag blei billettane lagt ut på den viktigaste utsalsplassen.


- I går opna billettsalet for medlemmane, og måndag åleine selte vi for 58.000 kroner i billettar, seier festivalsjef Gunnar Nagell-Dahl.
Billettane til hovudscenen Vognhallen har lagt for sal sidan mars, dei andre kom for sal på Billettservice for nokre veker sidan. Men det er den lokale utsalsplassen Galleri Oz som tidlegare har vist seg å vera viktigaste utsalsplass - og der kom billettane for sal (for andre enn medlemmane) først i dag.
- Vamp-konserten i Vognhallen laurdag har vi allereie selt over 500 billettar til, to av cruisa er utselt og dei andre cruisa er også nesten fullasta, fortel festivalsjefen.
Vamp spelte konsert i Drammen i april, og fekk terningkast 5 og sitatet: "Vamp høres yngre og mer vitale ut en noensinne" av anmeldaren i Drammens Tidende.
- Kva om de blir utselt for billettar fleire veker før festivalen?
- No har vi selt rekordmykje i forhold til at det skikkelege salet først startar i dag. Om tempoet held seg oppe så må vi kanskje utvida programmet. Då kan det koma fleire artistar på andre spelestadar, seier Nagell Dahl.
Osøren Blues & Jazzfestival blir arrangert i Os sentrum frå 26. - 28. juni.
Meir informasjon om festivalen finn på på osoren.org.