6-0 og sommarferie
Damelaget til Os avslutta vårsesongen med siger og plass i topp 9-avdelinga til hausten.
Bildeserie:
Os spelte søndag sin siste kamp før ferien.
Os - Telavåg/Skogsvåg 6-0 (3-0)
Målskårarar: Kristine Moberg 2 (13. og 65.), Marita Arentzen (40.), Charlotte Balland (45. straffe), Linda Johansen (75.) og Anette Holmefjord (87.).
– Det var ikkje ein spesielt god kamp av oss, men ei fin økt der vi får skifta over halve laget i andre omgang og likevel også vinn den omgangen 3-0, seier trenar Cato Moldskred.
Frå 1-0-skåringa til Kristine Moberg tidleg i kampen var det mange sjansar til heimelaget før Marita Arentzen skåra fem minutt før pause og skaffa straffe som Charlotte Balland sette klin i vinkelen i siste speleminutt av første omgang.
Får plass i beste pulja
Os sitt damelag speler i 4. divisjon, ein divisjon som i år har blitt delt i tre avdelinger der dei tre beste frå kvar avdeling speler mot kvarandre til hausten.
Med sigeren sikra dei seg plass i topp 9-avdelinga til hausten, likt i poeng med Krabbetor, men med betre målforskjell.
– Divisjonen burde vore delt i to avdelinger no i vår, for to lag trakk seg og med fem motstandarar og éin kamp mot kvar blei det lite matching på oss i vår, synes Tore Nøss, som er med i trenarapparatet.
– Men no får vi heldigvis åtte motstandarar til hausten, legg han til.
Stor og god stall
Moldskred fortel at stallen er på rundt 20 spelarar og at det har vore god deltaking på trening og i kamp denne våren.
– Vi mister eit par spelarar til hausten, men det kan også henda at vi får nokre tilbake, så det trur eg skal gå fint.
Linn Helen Thuen og Heidi Kloven er blant dei frå i fjor som ikkje har vore med i år. Søndag måtte Os også klara seg utan Malin Moldskred.
Det heldt likevel fint til siger nummer to. Os har også 1 uavgjort og 2 tap i vår, men 7 poeng heldt til 3. plass i avdelinga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.