Sport | 07. feb. 2014

6-1 og 1-6

Lysekloster har spelt to treningskampar. Søndag står Fana for tur.

6-1 og 1-6
Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund. (Arkvifoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. feb. 2014 22:31

Fire 2. divisjonslag står for tur når Lysekloster skal førebu seg på nok ein sesong i 3. divisjon.

Men laget frå 2. plass i 2013 har allereie fått brynt seg på to lag frå lågare divisjonar, Norheimsund, som rykte opp til 4. divisjon i haust, og Vadmyra, som to 4. plassen i 3. divisjon avdeling 8 i fjor.

– Norheimsund var litt på strak arm. Dei bad om kamp og det var fine banar tidleg i januar, fortel Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund.

Lysekloster vann 6-1 (2-1)

Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Frode Buvik, Simen Birkelund, Stefan Bernsen, Jan Even Frøyset - Preben Borgen, Martin Eidsvik, Joakim Hjelmeland - Lars Henrik Skage, Kim Kleivedalen, Joakim Hovden.

Også desse fekk speletid: Steffen Vindal, Sindre Jacob Råheim og 15-åringane Henrik Mjelva og Sander Holme.

Tapte for Vadmyra

I helga spelte Lysekloster mot Vadmyra. Vadmyra landa på 4. plass i Os og Lysekloster si naboavdeling i fjor, og er avdelingsmotstandar i år.

– Vi hadde veldig mange vekke grunna sjukdom og småskadar. I tillegg spelte vi ein dårleg kamp, seier Birkelund.

– Vi er kanskje litt gamaldagse i oppkjøringa vår, med mykje tung fysisk trening. Men sjølv om vi er i hardtrening burde vi prestert betre, synest han.

Lysekloster tapte 1-6.

Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Steffen Finsådal, Simen Birkelund(Sindre-Jacob Råheim fra 35 min), Preben Skorpen, Aleksander Andersen - Magnus Sandvåg, Johannes Jordal, Martin Eidsvig - Stefan Bernsen(Sander Holme fra 45 min), Joakim Hovden, Lars-Henrik Skage.

Åsane på heimebane

No står fleire treningskampar for tur, dei fire neste er alle mot lag frå 2. divisjon.

– Vi startar med Fana i Vestlandshallen søndag og tar fredag imot Åsane til kamp på Framo Lysekloster Idrettspark, fortel Birkelund.

– Allereie søndag har vi fleire friske igjen, 7 spelarar som måtte stå over førre kamp er klare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.