Sport | 19. apr. 2010

6-2 i første heime

Søre Neset har fått ein knallstart på sesongen.

6-2 i første heime
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. apr. 2010 05:32

Søre Neset starta sesongen med 1-4-siger borte mot Eidsvåg. Sundag tok dei imot eit av laga dei reknar med å kjempa mot i toppen av tabellen i år, Austevoll 2.

- Vi har ein del ute med skade, frå ankel til lysk, men også Austevoll, som har ein del skadar på førstelaget sitt, stilte redusert, seier Søre Neset-trenar Morten Øvrebø.

Skåra 6
Med to skåringar på straffe av Kjetil Henriksen, to gode headingar av Kenneth Hufthammer og skåring av brørne Anders og Tore Kinden blei det likevel full pott i årets første heimekamp.

- Vi er fire lag med full pott etter dei to første rundane, men vi har best målforskjell, seier Øvrebø.

Dominerte første omgang
Søre Neset starta med å ta leiinga på straffe etter 14. minutt. I 28. minutt heada Hufthammer inn eit hjørmespark og ti minutt før pause rulla dei opp kampens beste angrep som Anders Kinden banka sikkert inn.

- I 58. minutt vippa Tore Kinden inn 4-0 etter litt klabb og babb i feltet. Etter denne skåringa mista vi litt av trøkket.

Men 4-1 i 72. minutt gav heimelaget vatn på mølla. Hands innanfor 16-metern førte til utvising av ein i gjesteforsvaret. Henriksen sette inn nok eit straffespark i 78. minutt. I 83. minutt reduserte gjestane, men Kenneth fekk pannebrasken på nok ein luftig ball, denne gong eit frispark, og sørgja for 6-2.

SØRE NESET - AUSTEVOLL 2: 6-2 (3-0)
Søre Neset sitt lag (4-3-3): Anders Kloven, Emilis Kazinskis, Kenneth Hufthammer, Audun Røren, Frank Haugland, Ørjan Bakke, Andreas Pettersen, Ørjan Håland, Anders Kinden, Tore Kinden og Kjetil Henriksen.

Desse fekk også spela: Erlend Eidhammer, Geir Ove Pettersen og Torbjørn Hjelle

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.