Fotball | 11. juni 2015

6 av 7 seniorlag i toppen av tabellen

Ramo Racic har scora 2 hattrick på 3 dagar for Søfteland. Os 2 vann 9-0 borte. Nore Neset speler toppkamp fredag.

6 av 7 seniorlag i toppen av tabellen
Lag frå Os kommune ligg på 1. og 2. plass i 3., 5., 6., og 7. divisjon. Ramo Racic (innfelt) har skåra 6 mål på 3 dagar. (Foto/tabell: KVB/Søfteland fotball/fotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. juni 2015 10:35

Ser vi vekk frå A-laget til Os, som har hatt ein tung vår, går det svært bra med seniorfotballen i bygda.

5 av 6 herrelag ligg på 1. eller 2. plass på tabellen, damelaget til Os ligg på 2. plass.

Lysekloster står utan tap i 3. divisjon, Os 2 er i toppen av 5. divisjon og vann heile 9-0 på bortebane søndag.

– Vi hadde berre med Bakke og Lepsøe frå A-laget, mesteparten var førsteårsjunior og gutespelarar.

– Anders Havsgård hadde ein ekstra god dag med tre nettkjenningar og heile fem assist, fortel Odd Jarle Hjelle.

2x3 mål på Ramo

Søfteland vann 6-0 over Viggo på måndag og slo Kjøkkelvik 4-0 då dei runda av vårsesongen onsdag.

Tidlegare Os- og Lysekloster-spiss Ramo Racic skåra tre mål i begge kampane.

– Han har skåra i dei fleste kampane våre, men no har han verkeleg funne formen, seier trenar Raymond Pedersen.

– I går trur eg alle måla blei skåra innanfor 5-meteren. Han har ein tendens til å vera på rett plass til rett tid.

Slapp start

Søfteland, som fekk styrka stallen sin med Dani Bergstø (som putta det fjerde målet i går), John Ole Johannesen, Sindre Jacob Råheim og to spelarar frå Trio før sesongen, fekk ein dårleg start på serien.

– Det blei uavgjort og tap. Eg trur spelarane trudde det skulle gå av seg sjølv. Då dei forsto at det måtte kjempast i kvar kamp så kom det seg, seier Pedersen.

6. divisjonslaget har no vunne 7 på rad og tar ferie med STIL.

Fleire heimekampar i dag og i morgon

Nore Neset ligg på 2. plass med begge laga sine (6. og 7. divisjon).

Også dei fekk styrka stallen med 3. divisjonsspelarar som ville trappa litt ned.

Blant dei er tidlegare Os-kaptein gjennom mange år, Stian Lunde, som for lengst har passert 10 mål for dei blå.

• Nore Neset speler toppkamp på heimebane fredag kveld.

• Også i 3. divisjon er det kampar dei neste dagane, Os tar imot Haugesund 2 torsdag kveld, Lysekloster speler heime mot Øystese fredag.

• Os 2 speler neste kamp på heimebane søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.