Salet av fyrverkeri er i gang og frå klokka 18 onsdag kveld er det lov å byrja med å feira overgangen frå 2014 til 2015.
Som vanleg tar Os brannvesen seg tid til å inspisera alle utsalsstadane i bygda, og som vanleg var det lite å retta på.
– Hos 6 av 9 var alt på stell. Hos dei tre andre var det småting som blei utbetra på strak arm, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Eksempel er sløkkeutstyr som var gått ut på dato og fyrverkeri som låg utstilt på disk.
Detaljert regelverk
Gjøsund hadde med seg brannbetjent Hans Marius Hauge på inspeksjonsrunden.
– Vi sjekkar alt frå t dei har personell over 18 år og sertifisert seljar på plass, til lagring, plassering, rømningsveg og utstilling.
– Det er for eksempel ikkje lov å ha krut på disken, har du utstilt varer på disken skal det vera dummies, altså demovarer utan innhald, forklarer han.
Fyrverkeriet skal også berre seljast til kundar på veg ut av butikken, dei som skal inn får ikkje ta fyrverkeriet med seg på handlerunden.
Lite vind = bra sal
Midtsiden var med då brannvesenet besøkte Metro, som var ein av dei seks som fekk prikkfri rapport.
– Vi har selt fyrverkeri i ni år på rad no, seier innehavar Olaug Gjerde.
Det har blitt færre utsalsstadar i Os med åra, frå 15-16 for 5-6 år sidan til under 10 i år.
– Vi merka litt nedgang det året forbodet mot pinnerakettar kom, men så kom omsetnaden tilbake på tidlegare nivå.
– Men vêret har ein del å seia. I år er det det eg vil kalla normalvêr, litt regn, men heldigvis ikkje så mykje vind. Då er salet godt, fortel Gjerde.
– Ver varsam
Brannsjefen fortel om vanleg beredskap, med seks mann på vaktlaget, nyttårsaftan.
– Men vi kan kalla inn fleire ved behov. Dei siste åra har eg bedt andre instansar om registrering av statistikk på skade på gjenstandar og personar. I fjor hadde vi heldigvis ingen registrerte skadar frå bruk av fyrverkeri.
– Eg vil oppfordra folk om å vera varsame, tenk tryggleik også når det kjem til stjerneskot. Desse har høg temperatur i kjerna og er ikkje heilt ufarlege for barn.
– Pass også på å ikkje gå nær fyrverkeri som ikkje har gått av. Det skjer dessverre ein del skader på folk som bøyer seg over batteri som ikkje har gått av som venta. Og så kjem smellen.
Her er 10 gode råd for bruk av fyrverkeri:
1. Førebu fyrverkeriavbrenningen mens det framleis er lyst
2. Les bruksanvisningen nøye
3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd
4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta
5. Bruk tennstav, sigarettglo eller liknande
6. Sitt på huk, tenn lunta og gå vekk
7. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri
8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk
9. Hald god avstand og bruk vernebriller
10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman