Lokal | 01. juni 2017

6. mest attraktive kommunen i landet

Os kommune blir i ein ny rapport vurdert som den sjette mest attraktive kommunen i Noreg å busetta seg i.

6. mest attraktive kommunen i landet
Os er den sjette mest attraktive kommunen i Noreg å busetta seg i (foto: Espen Wilhelmsen, Privatmegleren Vikøyr & Brandt)
Andris Hamretorsdag 01. juni 2017 13:21

I tenesteutvalet onsdag slapp kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås nyheiten om at Os, i samband med ein ny rapport frå Telemarksforskning om næringsutvikling og attraktive arbeidsplassar i Fjell, Os, Meland og Lindås, blir kåra som den sjette mest bustadsattraktive kommunen i landet.

– Det må vi ta vare på, på ein god måte. Det er ein grunn til at dei vil bu i Os. Det har med heile pakka å gjera. Nærleiken til Bergen, fjella, skjærgarden, naturen og tenestene vår, kommenterte Tjosås.

Viktige ressursar

Tjosås peika på at med auka folkevekst kjem det fleire ressursar også til frivillige Os.

– Dess meir vi tilrettelegg og jo fleire folk vi blir, te meir kjem verda inn på osingane. Vi merker at konfliktnivået aukar i grendene våre, men der har vi ein jobb å gjera på å forklare at dette ønskjer folk.

– Nye osingar gjer at vi får fleire trenarar til fotball-laga, fleire på dugnadslistene og i dei ulike frivillige lag og organisasjonene. Det får masse positive ringverknader, sjølv om det blir litt meir støy rundt hekken og veiane. Det må vi leva med, påpeika kommunalsjefen.

Store moglegheiter, nye utfordringar

Med mange nye osingar stiller det krav til god kommunal planlegging og arealforvaltning.

– Dette gjer kommunen store mogelegheiter, men også nye utfordringar. Ei fornuftig og framtidsretta arealforvaltning er nødvendig for å sikra effektiv drift av kommunen og samtidig gode kvardagsliv for gamle og nye osingar.

– Nye nasjonale føringar og regionale planar begynner å gjere seg gjeldande også i kommuneverda. Særleg er kravet til samordna areal- og transportplanlegging krevjande. Bergen kommune er i sluttorhandlingar med staten om ein byvekstavtale, og i neste runde skal kommunane Os, Lindås, Askøy og Fjell inn som ein del av avtalen. Dette vil legge strenge føringar på utbyggingsmønsteret og framtidige utviklingsområde i kommunane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.