Lysefjorden tysdag kveld, mens vinden herja som verst. (Foto: André Marton Pedersen)

60 lysefjordingar på utandørsfest i stormen

Tøffe Turboklubben: Mens du sat inne og frykta for flaksande takstein, sat ungane i Lysefjorden ute og åt graut.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det bles til storm styrke fleire stadar på Vestlandet i går. Samtidig som det regna tett. I Bergen var det fleire velta tre, straumbrot og eit tak på eit næringsbygg som blei skadd.

I Os sentrum var det kuling og bølgjer som skvatt mange meter over moloane.

I Lysefjorden sat ungar frå 2 til 10 år gamle i skogen og hadde juleavslutting.

I le for vinden

Det var fire år gamle Turboklubben i Lysefjorden, og nystarta Turboklubben Mini (frå 0-5 år), som hadde invitert til juleavslutting. Utandørs, naturlegvis.

– Vi lærer ikkje ungane å ta unødig risiko, men hadde festen i og ved nye Drangebu. Den ligg i le for sønnavinden, seier André Marton Pedersen.

• Les òg: DNT-sjefen opna Drangebu (oktober 2019)

Han fekk nokre telefonar med spørsmål om det faktisk blei avslutting i går, og var sjølv oppe ved Drangebu og Langavatnet for å sjekka forholda.

Folk stolte på leiaren i den lokale småbarnsavdelinga av Os Turlag. I alt rundt 60 ungar og møtte fram.

– Det var langt fleire enn vi hadde venta, og veldig kjekt at ungane fekk oppleva. at det går an å ha det kjekt utandørs sjølv om vêret ikkje er så triveleg! seier André Marton.

Teater og nissebesøk

Nede ved Langavatnet var det tent bål, oppe i Drangebu var det tak og endå meir le for vinden.

Tre elevar ved Os barne- og ungdomsteater heldt teaterforestilling i Drangebu.

– Det er Frøydis Flotve som leiar gruppa, og ungane sat som tente stearinlys og såg på den spennende historia om tre nissehjelparar som leitte etter nissen.

Til slutt kom nissen ut frå skogen, og jubelen braut laus. Så var det servering av graut og gløgg.

– Eg er stolt av turleiarane vi har i klubben, og den entusiasmen dei har for å ta ungane med ut i naturen. Det er verkeleg ei gøy gruppe å vera del av, seier Pedersen.

– Vi er òg veldig glad for Drangebu. Den er ofte i bruk og vi kjem til å ha mange aktivitetar her i løpet av neste år.

Fleire saker