Endre Brenne med over 60 unge fotballspelarar på slep i oppvarming før supersøndag. (Foto: KVB)

60 ungar på gratis «søndagsskule»

– Det einaste motivet er at vi ønskjer å utnytta banekapasiteten i helgene betre, seier Endre Brenne om det nye tilbodet.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ved sidan av FFO og morgonakademiet testa Os Fotball ut eit nytt tilbod, «supersøndag».

– Det er ein del kampar i helgene, men lite trening, bortsett frå alle som går kvar for seg eller i venegjengar med ball.

– Derfor ville vi testa ut interessa for litt organisert trening, men heilt uformelt, utan kostnad og utan påmelding. Eg var spent på kor mange som ville dukka opp.

For alle klubbar

Supersøndagen var open for alle frå 3. til 7. klasse, uansett klubb, og det er gratis og utan påmelding.

Cirka 10 trenarar, dei fleste frå A-laget, stilte opp i god tid og rigga til banen med kjegler og hinder, også av typen ungane neppe har brukt før.

– Nye øvingar og nye hinder kan gjera supersøndagen litt meir spennande. Kanskje nokre foreldretrenarar som kom for å sjå på også fekk nokre idear til nye øvingar. Det skal ikkje mykje til for å få ny inspirasjon, seier Brenne.

Treninga gjekk i 2 x 1 time med gratis frukt og grønt i pausen.

– Over 60 ungar møtte fram, nesten ein tredel var jenter, så det blei ei veldig fin gruppe. Kor tid vi tar neste supersøndag er ikkje bestemt, men det er mogleg at dette blir eit meir eller mindre fast innslag for eksempel éin søndag i månaden.

 

Fleire saker