God stemning då rådmann og prosjektleiar Christian F. Fotland gav tenesteutviklingsutvalet eit innblikk i kor ein står i prosessen (foto: Andris Hamre)

692 dagar igjen

Bjørnafjorden kommune: – No er det berre éin kurs, det er framover, seier prosjektleiar Christian F. Fotland.

Av: Andris Hamre

Onsdag hadde tenesteutviklingsutvalet i Bjørnafjorden kommune sitt første møte i «Diamanten» i Tropehagen på Luranetunet.

Til song og musikk i Tropehagen fekk politikarane ei orientering om status i reformarbeidet frå rådmann og prosjektleiar Christian F. Fotland. 

– Det er dette som er fokuset vår, å gje gode tenester til innbyggjarane våre. Akkurat som det blir gjort der nede no.

– Eg er oppteken av at vi som leiarar og ansatte skal vera proaktive og offensive, ikkje gå i forsvarposisjon, vi må vera på løysingssida når vi møter innbyggjarane våre, innleia Fotland som peika på at det er 692 dagar igjen til 1. januar 2020 og den nye kommunen skal vera oppe og stå.

Digitalisering blir viktig

Fotland understreka t det er mykje som blir nytt med ein ny kommune.

– Digitalisering vil vera sentralt i alt vi gjer. Det handlar ikkje om IT, det handlar om å driva organisasjonsutvikling, effektivisering og betre tjenestene slik at brukarane opplever at dei får betre tenester. Det tekniske skal andre ta seg av og løyse for oss. Vi skal komma med ideane og seie korleis vi vil ha det.

– No er det berre ein kurs, det er framover.

Blir ein stor kommune

Bjørnafjorden kommune blir på heile 518 kvadratkilometer.

Les òg: Bjørnafjorden kommune i tal

– Den største utfordringa vår er kartet – arealet. Det er svære område og mykje geografi. Det må vi ha med oss når vi organiserer tenestene våre. Tilgjenge av tenester skal vera god på begge sider av fjorden. 

– Vi har som mål at strukturen på den nye kommunen skal vera klar ned på einingsnivå innan 15. juni. 

– Når det gjeld lokalisering av tenestene, så vil det nok bli ein prosess på det også etter 15. juni. Poenget er at lokalisering av dei ulike tenestene må vera hensiktsmessig. Folk må forstå kvifor vi lokaliserer som vi gjer. For å klare det må vi ut og snakka med folk, tilsette og brukarar, påpeika Fotland.

Ligg godt an

Prosjektleiaren fortalde at då KS var på vitjing 16. januar så skrøt dei kor langt kommunen var komen i prosessen.

– Eg føler vi er hakket foran skjema. Det er utruleg godt å tenkje på, men vi trenger nok det når vi kjem over sommarferien. Eg ser for meg at til neste sommar så må alt vera klart på ein måte, slik at vi kan nytta hausten til fintuning. Hausten 2019 vil dessuten budsjett og samansetning av det nye kommunestyret ta mykje fokus, sa Fotland før han drog gjennom kva ein har fått gjort så langt.

– Så er spørsmålet kva no?

– I fase 1, som vi er inne i no og som går ut februar så er det fokus på kvalitetssystem, økonomi, personal, arkiv, kritisk IT-struktur, offentlege anskaffelsar, verdigrunnlaget for den nye kommune, stab/støtte, einings- og avdelingsstruktur, kartverk og martrikkel.

– Det med martrikkel er viktig. Om det er to gardsbruk som får same gards- og bruksnummer etter at vi blir ein kommune, så må eit av dei få nytt nummer. Det er eit svært prosjekt.

– I fase to frå mars til april er det alle delprosjekta innan oppvekst- og kultur, helse og omsorg og innan samfunnsutvikling som skal opp og stå. Deretter blir det fokus i april til juni på eigedom, eigarskap, kommunale selskap, budsjett, reglement, strukturar og avtaler, alt for at vi skal få strukturen på plass innan 15. juni. Det er viktig, ikkje minst for dei tilsette, at dei så tidleg som mogleg får noko å forholde seg til.

– Vi er i god flyt. Det skjer masse. Ikkje ein dag er lik, oppsummerte Christian F. Fotland.

Fleire saker