Os-roar Arne Hadler-Olsen tok seg til finalen i EM U23 saman med makker Adrian Lindgren frå Tønsberg.
I finalen søndag fekk dei to gutane det tøft og endte på 6. plass, nær sagt som venta ut frå tidene i dei innleiiande heata.
– Vi satsa friskt og hang godt med i starten. Omlag halvvegs merka vi køyret. Det blei tungt på slutten, fortel dei to frå rostadion i Kruszwisa i Polen.
– Vi er nøgde med å ta oss til finalen. Vi er godt nøgd med meisterskapet og dei erfaringane vi har hausta her nede, avsluttar dei to.
I finalen møtte dei Litauen, Sverige, Serbia, Hellas og Slovenia. Europameistre blei Hellas med tida 6:47:96. Arne og Adrian rodde i mål med tida 7:13:23