Sport | 03. aug. 2016

7 av 10 i A-sluttspel

– Det er same korleis det går, berre alle vinn siste kampen før dei reiser heim, seier Tore Kleppe om Os sin taktikk i Norway Cup.

7 av 10 i A-sluttspel
2001-jentene frå Os er i Norway Cup for første gong. Dei har vunne to av tre kampar i gruppespelet og er no i A-sluttspel.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. aug. 2016 07:20

Bildeserie:

Os 1 gutar 16 vann pulja si.
Os 1 gutar 16 vann pulja si.
Os Fotball stiller med heile fire lag i gutar 16.
Os Fotball stiller med heile fire lag i gutar 16.
1 av 2
Os 1 gutar 16 vann pulja si.
Os Fotball stiller med heile fire lag i gutar 16.

– Vi har det veldig bra. Ungdomen presterer og søsken og mødre gjer god Pokémon-fangst her borte, seier Tore Kleppe.

Dei fleste laga frå Os bur samla på Thon i Sandvika, då det faste Os-hotellet Triaden i Lørenskog har redusert kapasitet grunna oppussing.

Den nye leveregelen under cupen, at alle skal vinna siste kamp før heireise, betyr at alle går for gull eller bronse.

– Vi får sjå, men vi har gode resultat og vi nyter sol og varme. Det er nesten sånn av vi skulle køyrd vêrmeldinga på storskjerm kvar morgon, Os og Oslo side om side, berre for å få opp stemninga, humrar Kleppe.

Ein avgjerande tysdag

I dag startar sluttspelet i årets Norway Cup, som ifølgje arrangøren har sett ny verdsrekord med 2.199 påmeldte lag frå 57 ulike nasjonar.

10 av laga er frå Os Fotball, 2 jentelag og 8 gutelag, fleire av desse vann tysdag avgjerande kampar i siste innleiande runde. Alle går til sluttspel, men fleire trengte siger for å ta 1. eller 2. plass, for å kvalifisera seg til A-sluttspelet.

Puljevinnarane

7 av dei 10 laga frå Os er i A-sluttspel, 4 av dei som puljevinnarar.

Os 1 i juniorklassen, Os 1 og Os 2 i gutar 16 og Os 1 i gutar 14 vann alle sine puljer.

– Med to mål av Markus, eitt av Sondre og straffeskåring av Ole Martin blei det 4-0 over Heming, fortel Robert Nøss om Os 1 gutar 15/16, som står utan tap etter innleiande rundar.

I tillegg klarte Os gutar 16, Os 2 i gutar 14 og jenter 15/16 å vinna den avgjerande sistekampen og ta 2. plass i pulja.

Tok poeng før B-sluttspelet

To av dei tre laga som er i B-sluttspelet tok sitt første poeng i siste kamp i puljespelet, noko som kan gi godkjensle inn mot vinn eller forsvinn-kampane.

Jenter 17 spelte ein god kamp og klarte 0-0 mot laget som berre tapte 0-1 for puljevinnar Lyn, gutar 16 sitt 7-arlag spelte 2-2 mot Future Sun frå Dubai.

Os Fotball i Norway Cup:
• 2 juniorlag (G18/19)
• 4 lag i gutar 15/16 (eitt av dei i 7-ar)
• 2 lag i gutar 14
• 1 lag i jenter 17
• 1 lag i jenter 15/16





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.