Sport | 06. des. 2020

7 juletips for ein lettare start på 2021

Enkle grep som vil gjera jula di litt meir sunn.

7 juletips for ein lettare start på 2021
Er du smart i jula så får du ein lettare start på januar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. des. 2020 08:15

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.

Sjølv om årets julebord for lengst er avlyst, så er likevel desember ei tid for å samlast og då gjerne rundt god mat og drikke. Juletradisjonane våre er mange og viktige.

Jula byr gjerne på fleire gode måltid og litt mindre aktivitet.

I år er det dessverre færre som kan samlast rundt julebordet, men jula kjem uansett med mykje god mat og drikke for dei fleste av oss.

Ei god helse er viktig. Ei juleveke med litt annleis og gjerne meir mat enn det kvardagen vanligvis byr på vil ikkje vera den største utfordringen for dei fleste av oss. Det er klart jula skal nytast, på alle mulige måtar.

For helsa di sin del kan vera greit å framleis halda litt tak i den gode livsstilen frå resten av året gjennom desember også.

Et litt meir frukt enn pepperkaker og sjokolade

Frukt er proppfull av vitaminer og mineraler som kroppen din treng. Til dømes gjer eit lite eple på 100 gram deg kun 52 kaloriar, men byr på helsebringende fiber, vitaminer og mineraler.

Til samanlikning gjer 100 gram marsipangris med sjokoladetrekk deg 450 kaloriar, mykje tilsett sukker og har eit totalt fråvær av vitaminer og mineraler. Sjokoladen skal sjølvsagt inkluderast i jula, men kos deg gjerne meir ofte med fruktsalat enn marsipangris.

Et godt med grønsaker til julematen

På samme måte som med frukt så er grønsaker fattige på kaloriar, men rike på viktige næringsstoff som kroppen din treng.

Og nettopp derfor er ingenting betre enn ein juletallerk med mykje freistande grønsaker som godt tilbehør til julematen.

Set fisk på julemenyen

Dei store kjøttmåltida i jula er gjerne mange og energitette. Sørg for å byta ut nokre av desse med fisk.

Måltidet blir merkbart sunnare og kaloriinntaket mindre.

Begrens porsjonane og sei nei takk til mat du ikkje har lyst på

Å unngå dei største tallerkenane når du serverer mat vil hjelpa deg med å kontrollera porsjonane dine når du et.

Kos deg med maten du har lyst på, i eit kontrollert omfang, og sei «nei takk» når det kjem mat på bordet og du egentlig ikkje er sulten.

Begrens inntaket av alkohol

Det er ulikt kor kalorihaldig dei ulike alkoholdtypane er. Dess høgare alkoholprosent det er i drikken, dess høgare blir kaloriinnhaldet òg.

  • Eit glas raudvin inneheld ca 100 kaloriar
  • 0,33 l pils inneheld 130 kaloriar
  • Ein drink kan ha like mange kaloriar som 3-4 halvliterar med øl, avhengig av kva type drink det er

Alkoholfritt øl inneheld halvparten av kaloriane som i vanlig pils.

Prøv å halda blodsukkeret ditt jamt i gjennom dagen

Dersom du fordeler måltidene dine jamt gjennom heile dagen, unngår du gjerne å bli kjempesvolten med påfølgande store måltid.

Hald deg i aktivitet

Kroppen er skapt for bevegelse, også i jula. I tillegg til at kroppen din treng det for helsa sin del, bidrar bevegelse også til å halda vekta di stabil. Legg inn ei treningsøkt, eller gå deg ein tur.

Beveg deg igjennom heile dagen, på den måten som passer deg.

Det viktigaste er ikkje på kva måte du beveger deg, men at du faktisk beveger deg.

God jul til deg!

Du skal absolutt nyta jula på ein god måte og samla opp overskot til kvardagen kjem igjen over nyttår. Kos deg med maten og den flotte høgtida, men utan å angre altfor mykje i januar.

Det er ikkje meininga at du skal gå ned i vekt i jula, men å ta gode valg for deg sjølv, også i jula, bidrar til at dei ekstrakiloene som kan komma snikande i desember held seg unna.

Alt smakar jo så mykje betre når det ikkje blir for mykje.

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kostvegleiar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.