7. siger på rad
Det gjekk nesten 60 minutt før første målet kom, men så rann det inn for Os 2.
Andrelaget til Os held fram med å vinna, men måndag var det førstelagskeeper Anders Kloven som heldt laget inne i kampen.
– Vi spelte 2-2 borte mot Olsvik og dei var gode i dag også.
– Og då vi ikkje klarte å putta sjansane våre i starten på kampen blei han ekstra god å ha, seier trenar Frode Øye.
Os 2 - Olsvik 4-1 (0-0)
Målskårarar, Os: Tor Erik Kjosås Berge, sjølvmål (etter skot av Egil Thuen), Espen Kopperud og Egil Thuen.
– I tillegg til Kloven hadde Ørjan Glesnes og Tor Erik Berge ein god dag på jobb, meiner Øye.
Os 2: Anders Kloven - Ørjan Glesnes, John Ole Johannessen, Børge Borgen, Tor Erik Kjosås Berge - Espen Kopperud, Stian Håvik, Håkon Kvittingen, Glenn Krossøy - Roar Vestby og Egil Thuen.
Innbytarar med speletid: Sven Lyssand, Mads Lepsøe, Steffen Ludvigsen og Thomas Mjelva.
Os 2 har tre kampar igjen og må truleg vinna alle for å sikra seg 2. plassen og opprykk.
Sesongen blir avslutta med bortekamp mot Søre Neset søndag 21.10 (kl 16).