Over 70 må i karantene minst halve vinterferien

Elev ved Nore Neset ungdomsskule smitta.

Nore Neset ungdomsskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2021 18:56

Torsdag ettermiddag fekk ein elev ved Nore Neset ungdomsskule påvist covid-19.

Guten testa seg i går, grunna symptom, og no må to og ein halv klasse på 9. trinn i karantene.

Smitteveg er foreløpig ukjent. Eleven har hatt undervising saman med andre klassar, derfor må fleire i karantene.

– I alt har vi kontakta rundt 70 familiar og fortalt at eleven må i karantene. Alle skal testa seg i morgon.

68 elevar og 9 lærararer no i karantene.

Lang karantene

– Sidan vi ikkje kan utelukka at det er ein mutert variant, vil vi òg ha folk i same husstand i ventekarantene til eventuelt negativt prøvesvar kjem laurdag.

Elevane blir oppmoda å bestilla time til smittetest på nett, så ikkje alle 70 ringer på morgonkvisten fredag. Alle skal testa seg på ordinært testsenter i Kolskogen.

Sjølv om eleven måtte få negativt prøvesvar laurdag, skal vedkomande bli verande i karantene til det har gått sju døgn frå siste nærkontakt med påvist smitta.

– Dei må testa seg ut av karantena. Dersom også neste svar er negativt, er dei ute av karantene onsdag ettermiddag i neste veke, seier Melf.

– Eg forstår at dette er tungt for mange, sidan elevane har vinterferie. Eg føler med dei, legg han til.

Elevar og lærarar i karantene, som eventuelt opplever symptom, skal i isolasjon.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 23
Totalt smitta: 126
24. februar: Elev ved Nore Neset ungdomsskule. 70 i karantene.
24. februar: Kvinne i 20-åra, truleg smitta i ein nabokommune.
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.