Lokal | 06. juni 2013

700 meter - 4 lyskryss!

Vegvesenet rustar opp 8 fotgjengarfelt i Os - og delar av Byvegen blir som i ein storby.

700 meter - 4 lyskryss!
Fotgjengarfeltet ved Jordmorsvingen er blant dei fire som no får signalregulering. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. juni 2013 06:32

Dei siste dagane og nettene har du kanskje lagt merke til vegarbeid rundt fleire fotgjengarfelt i Os?

Kabelgater er lagt og enkelte stadar har det kome opp master til trafikklys.

Arbeidet er del av eit prosjekt som skal vera ferdig i løpet av juni, der fleire fotgjengarfelt i Os kommune skal utbetrast på ulikt vis.

– Vi skal ta åtte fotgjengarfelt, fortel byggeleiar Anne Færestrand i Statens vegvesen.

Tett mellom lysa

Sju av dei åtte er oppgradering av eksisterande, eitt av dei, på Skeie, blir nytt. Fire av dei oppgraderte får signalregulering (lys), tre av desse er på Byvegen mellom Os sentrum og Kuven stasjon.

Byvegen får no, saman med det som lenge var einaste lysregulerte fotgjengarfelt i Os, fire lysregulerte felt frå Best til Elvebakken, eit vegstrekk på 700 meter.

Om dette er i tettaste laget, og om årsaka har med trafikksikring, ulykkesstatistikk eller skuleveg å gjera, kan ikkje Færestrand kommentera.

– Det er andre sitt bord. Eg er berre byggeleiar, seier ho.

Her er fotgjengar-prosjekta i Os, som skal stå ferdig i løpet av juni.

1. Byvegen (RV 552) ved Elvebakken/Kuvenstasjon: Fotgjengarfeltet får signalregulering (lys).

2. Byvegen (RV 552) knappe 100 meter sør for Elvebakken: Fotgjengarfeltet får signalregulering (lys).

3. Byvegen (RV 552) ved Jordmorsvingen/Os skule: Fotgjengarfeltet får signalregulering (lys).

4. Hatvikvegen (RV 552) ved Finnebrekka: Det kjem fartshumpar før og etter fotgjengarfeltet.

5. Hatvikvegen (RV 552) ved Solstrandvegen: Fotgjengarfeltet blir opphøgd.

6. Mobergsbakken (RV 552): Fotgjengarfelt blir betre opplyst (ikkje lysregulert), og får fartshumpar før og etter fotgjengarfeltet.

7. Strønevegen (FV 160) ved Hagaviksbakken/Dahlsvegen: Fotgjengarfeltet får signalregulering (lys).

8. Skeisflaten (FV 159) ved FV 160/Hjorthaugen: Nytt fotgjengarfelt blir bygd med fartshumpar før og etter fotgjengarfeltet.

Ikkje pufin-anlegg

Alle dei nye med signalregulering blir av tradisjonell type, ikkje pufin-anlegg, slik som er bygd blant anna på E39 på Søfteland.

Desse anlegga les kor fort fotgjengarane kryssar vegen slik at det ikkje er raudt lys lenger enn kva som er naudsynt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.