Ein treffsikker og internasjonal dag i juni. Førstkomande tysdag er det gratis feriedag for små og store. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

75 påmeldte til gratis feriedag

– Vi har plass til fleire, seier Tore Øvreeide.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Inn på tunet-garden Øvreeide Gard har tatt initiativ til ein feriedag på garden, gratis for deltakarane, tysdag 23. juli.

– Vi kallar den «Barnas dag», men den er open for alle, foreldre og eventuelt vaksne som ønskjer ein dag med litt sosialt samvær, seier Tore Øvreeide.

Blant aktivitetane er teikning, hest og vogn, rotur med oselvar, bodeskyting og køyring med modellbåtar.

– Alt frå transport til mat er gratis, og gjestane treng ikkje nødvendigvis ha stram økonomi. Det kan vera mange grunnar til at folk ikkje kjem seg på tur i løpet av sommaren. Her kan dei i det minste få éin enkelt kjekk dag.

• Les òg: Internasjonalt besøk på Øvreeide

– Men vi treng påmelding, så vi veit kor mykje mat vi skal handla inn, og vi treng beskjed om folk kjem med gratis buss (frå Os sentrum klokka 10.45) eller med eigen bil.

Har plass til over hundre

Påmeldingsfrist er dagen før. 

Det blir servert blant anna pølser, kyllingpølser og sveler.

Arrangementet er gratis. Os kommune, Glass og Tre og to privatpersonar sponsar arrangementet. Fleire frivillige stiller opp på dugnad.

– Til no har vi 75 påmeldte. Vi har plass til minst 110. Om vêret blir bra, at vi slepp å garantera tak til alle, har vi naturlegvis plass til endå flere.

I tillegg til aktivitetane er det lagt til rette for leik, kos med gardsdyra, modellflyoppvising og utstilt veteranbuss.

 

 

Fleire saker