Sport | 04. mars 2012

8 timar raskare enn i fjor

Thomas Andersen brukte berre knappe 14 timar på å gå 100 km med pulk. Her fortel han om løpet.

8 timar raskare enn i fjor
Thomas Andersen i mål etter å ha gått over 100 kilometer på under 14 timar. (Foto: Arrangørane)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. mars 2012 09:25

Expedition Amundsen: 100 km på ski, opp 3500 høgdemeter, med pulk med 40 kg:

I 2010 vann han på 27 timar, i fjor betra han tida si med 5 timar, men blei forbigått rett før mål og slått med 8 minutt.

– I år ville eg vera sikker på at det ikkje skjedde, så eg var godt førebudd, opna hardt og auka på undervegs, fortel Thomas.

Les òg: Best med pulk - igjen!

Trening med pulk i fjella i Ulvik, der den ultraspreke osingen har hytte, lønte seg. Dessutan fekk ikkje fjorårsvinnaren fordelen han hadde i fjor, då han sparte krefter på å lata Thomas brøyta veg i djup laussnø.

– I år var det hard snø, så det var ikkje noko bakdel å ligga fremst.

– Men løpet var hardt likevel, i tillegg til at det er langt og mange høgdemeter å kjempa seg opp, så starta vi med motvind motvind i styrke 20 meter per sekund, altså storm.

Tøff konkurranse - uheldig start

Det er Eidfjord kommune som er arrangør av det ekstreme pulkløpet, og nokre nye medarbeidarar i komiteen har fått deltakartalet til å auka frå rundt 15 til over 40.

– Eg hadde venta tøff konkurranse i år, seier Andersen.

Tøff start blei det uansett, etter berre éin kilometer rauk det eine av to feste på pulken.

– "Skal det enda sånn etter all denne treninga, no når eg har sponsorar og alt", tenkte eg.

Andersen var i år sponsa av Fjellpulken og Platou Sport.

– Men etter første stigning hadde eg eit greit forsprang, så då tok eg opp sportstape og limte staget på. Det heldt heldigvis løpet ut.

Ekstrem forbetring

Erlend Gjestrud, som snylta Andersen for sigeren i fjor, var også i år argaste konkurrent.

– Han prøvde å gå forbi meg i starten, men eg jogga opp første stigning. Eg klarte også å auka leiinga frå sjekkpunkt til sjekkpunkt og kom i mål 1 time og 40 minutt før han.

I fjor brukte Thomas 22 timar på den 100 mil lange turen, med 40 kilo pulk på slep.

I år gjekk han løpet på ufattelege 13 timar og 50 minutt.

– Vi er pålagt til saman 8 timar med kvile. Eg delte det i fire timar på første sjekkpunkt og fire timar på det siste, obigatoriske. Så eg kom i mål knappe 22 timar etter starten torsdag klokka 20.

Deltakaren som kom på 3. plass kom i mål 14 timar etter Thomas (!).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.