Modellen til gatekunsten, Yngve Elias Eidset, er no stor gut og fast medlem i Dræggens Buekorps. (Foto: Keilon Hiis Bergh)

80 av kamaratane hans vil spela i gatene i Os

Måndag vil Dræggens Buekorps svinga innom for å sjå gatekunsten på Os. Og for å spela litt i gatene.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag morgon 16. mai var ny gatekunst på plass på torget på Os.

«Rævadilter» er signert gatkunstnaren #malc og viser ein kjend profil på Instagram, «Buekorpsgutten fra Bergen».

Buekorpsguten er Yngve Elias Eidset, den yngste av fire brør som blir køyrd frå Ålesund til Bergen for å vera med i Dræggens Buekorps.

Den på Os er Rævadilter 2. Rævadilter 1 blei sett opp i Nye Sandviksvei i slutten av april, og har fått mykje merksemd i Bergen.

• Les omtale i BA.no

Yngve Elias var rævadilter frå han var eitt år gamal, men er no medlem av buekorpset sjølv om familien har flytta til Ålesund.

Heile korpset kjem til Os

I pinsen er Dræggens Buekorps, som blei stifta i 1856, på tur til Stavanger. På veg tilbake måndag skal dei vera nokre timar på Os.

– Vi stoppar for å eta før vi skal bort og sjå gatekunsten. Yngve Elias kunne dessverre ikkje vera med på pinseturen, men vi stiller med rundt 80 av kameratane hans, fortel Keilon Hiis Bergh.

Keilon er tidlegare buekorpsgut og turleiar for korpset.

– Det er stas for buekorpsgutane med denne merksemda frå gatekunstnaren, og vi gler oss til å sjå Rævadilter 2. I tillegg til mat og kunst kjem vi til å spela litt i gatene i Os sentrum, fortel han.

Dræggens Buekorps blir å høyra på Osøyro ein halvtime frå rundt klokka 16.30 måndag andre pinsedag.

Fleire saker