Nik Kershaw fyller 58 år i mars. I august speler han på Osfest. (Foto: Steve Ullathorne)
Nik Kershaw fyller 58 år i mars. I august speler han på Osfest. (Foto: Steve Ullathorne)

80-talshelt klar for Osfest

– Eg tente millionar på fire låtar, seier britiske Nik Kershaw. Han er framleis aktiv og klar for å besøka Os.

Kjetil Vasby Bruarøy
19. januar 2016 - 15:24

Nicholas «Nik» David Kershaw (57) frå Bristol i England leverte hit etter hit på 80-talet.

Med «I Won't Let the Sun Go Down on Me», «Wouldn't It Be Good»" og «The Riddle» smelta han mange kvinnehjarte, no er han aktuell for Osfest 2016.

– Eg tente millionar på fire låtar, sa Nik i eit intervju med The Telegraph i 2014.

Det same året spelte han i Telenor Arena saman med 80-talsartistar som Bananarama, Kim Wilde, Modern Talking, TNT, Sabrina og Rick Astley, som del av retrokonserten «We Love The 80's».

Speler laurdag

Kershaw er framleis aktiv, og gav ut album både i 2010 og 2012. I 2015var han oppvarmingsartist for Spandau Ballet i Australia, i haust spelte han 31 konsertar i Storbritannia saman med Go West og Carol Decker fra T'Pau.

Kershaw speler laurdag kveld 6. august på hovudscenen under Osfest 2016.

Frå før er Vamp, Marcus og Martinus, Heine Totland, Frode Alnæs, Odd Nordstoga, Sigvard Dagsland og Maya Vik klare for festivalen.

Midtsiden samleside: Osfest

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest