Lokal | 17. feb. 2009

800 utan straum

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. feb. 2009 09:20

Cirka klokka 8.10 tysdag morgon velta eit tre over ein straumkabel på Utgjerdet like nord for Os sentrum.

- Dette er det vi kallar Søftelandslinja, ein straumlinje som leverer til 800 kundar, fortel informasjonssjef Juliet Balgobin i BKK.

Klokka 9.40 var BKK ferdig med omkopling og klokka 9.55 var nettet stabilt.

- Dette var raskt levert. Korleis klarte de å vera på plass så raskt i denne snøtunge trafikken?

- Vi har folk ute i felten heile tida, og 90 minuttar kan også opplevast som lenge, for eksempel om du skal laga ein omelett til frukost, seier Juliet og ler.

Ho veit ikkje om det var vekt av tung snø som felte treet, men kundane som var utan straum kan no nyta både egg og frukost-TV

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.