Lokal | 01. juni 2017
81 km/t i 50-sonen
UP med to kontrollar i Os. Mann i 20-åra tatt på Lepsøyvegen.
Andris Hamretorsdag 01. juni 2017 09:22
UP tok onsdag turen til Os for å halde laserkontrollar.
– Dei sto på Lepsøyvegen ved Os lakk og karosseri frå klokka 10 til 12. Det endte med at dei skreiv ut 9 forenkla forelegg og beslaglag eitt førarkort, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Mannen som mista førarkortet var ein mann i 20 åra som køyrde i 81 km/t. Tillatt fart på staden er 50 km/t.
To tatt i Hegglandsdalen
Etter lunsj flytta UP-patruljen seg til ei ny 50-sone. Denne gangen i Hegglandsdalen.
– Der sto dei frå 1230 til 14, noko som resulterte i to forenkla forelegg. Høgste målte hastigheit der var 64 km/t.