85 mål på 21 kampar
Sesongens siste heimekamp blei ein fest for opprykksklare Os.
Bildeserie:
Ein nærmast knirkefri sesong går mot slutten, men Os mista sjansen til dei store jubelscenane då dei i førre heimekam, der dei kunne avgjort opprykket, gjekk på første tap sidan serieopninga.
Resultatet mellom to andre lag avgjorde opprykket fredag for ei god veke sidan, og Os svarte med 2-5-siger borte dagen etterpå.
I dag var det duka for sesongens siste heimekamp, og Frøya på 5. plass fekk smaka på eit Os som ville gje heimepublikumet eit lite show før sesongen er over.
– Dei var tydelege på at dei ville visa seg fram litt, og eg er glad for at dei fekk det til. Første omgang blei litt statisk, vi var betre etter pause, synest trenar Tim Henrik Sperrevik.
Os - Frøya 6-0 (2-0)
Målskårarar: 1-0 Erik Kanestrøm (21.), 2-0 Marius Mikkelsen (24.), 3-0 Endre Brenne (52.), 4-0 Christoffer Hafsås (54.), 5-0 Christoffer Hafsås (63.) og 6-0 Mats Cato Moldskred (90.).
Os: Chris Sunde Midtun - Øystein Takle Eide, Endre Brenne, Vegard Strønen Skeie, Harry Moore - Rafael Villén, Marius Mikkelsen, Sander Kvittingen - Erik Kanestrøm, Mats Cato Moldskred og Christoffer Hafsås.
Innbytarar med speletid: Trym Hjørnevik, Alexander Tøssebro, Håkon Kvittingen, Kristoffer Røttingen, Kerem Duvarci, Elias Myrlid og Steffen Kvamsdal.
– Eg er spesielt nøgd med målforskjellen, seier Sperrevik.
Os har skåra 85 mål på 21 kampar, eit snitt på over 4 mål per kamp. Baklengs ser det heller ikkje så verst ut, med akkurat eitt mål per kamp.
Os har to kampar igjen denne sesongen.
Serieavslutting blir borte mot Valestrand Hjellvik (1. plass av 12 lag) og KM-finale borte mot Bergen Nord helga etter.
Bergen Nord står med 16-2-3 og ein målforskjell på 63-30 etter 21 kampar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.