Luranetunet nytta Kom deg ut-dagen til å innvia den nye sansehagen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Kom seg ut - i heilt ny hage

Onsdag var det klart for nok ein sosial dag på Luranetunet, denne gongen i nye omgjevnadar.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Det nye Luranetunet er framleis i utvikling, og onsdagens arrangement var ei perfekt innviing av den nye sansehagen. Plassert på fjordsida av Luranetunet, med panoramautsikt mot fjorden, Borgafjellet, Møsnuken, Bøkampen og Fusafjella, vart det ein folksam og pulserande treffstad.

Tilsette ved Luranetunet, kultureininga ved Os kommune, pårørande, elevar ved VG2 Helsefagarbeider ved Os vidaregåande skule sytte saman med trufaste frivillige frå Os Frivilligsentral for ei trygg og humørfull ramme kring arrangementet.

Gode rundetider

Den nye sansehagen til Luranetunet er lagt opp med eigen tursti som krinsar rundt plenen. Her var tid til å helsa på gamle kjente, treffa nye kjente, spela bowling, vera med på quiz, få neglane stelt eller ta ein trall.

Undervegs på turen var det lagt opp matstasjonar kor ein kunne få påfyll av nyesteikte lapper, kaffi, pølse i lompe og saft. Grillmeister for dagen og aktivitetsleiar på Luranetunet Øystein Grytøyr, kunne melda om gode rundetider og fleire som var innom fleire gonger for å få seg ei pølse.

Sjølv overskya vêr og ein litt kald gufs av vind såg ikkje ut til å legga ein dempar på stemninga. Smil og latter sat laust.

– Viktig erfaring for elevane

Lærar Anne Cecilie Falsen Brække og lektor Rebecca Hoff Vangsnes frå Os vidaregåande skule hadde førebudd elevane på oppgåva som venta dei på onsdag.

Som ein del av prosjektet «Livsglede for eldre» skal elevane sjølve førebu, og gjennomføra aktivitetane for brukarane.

– Jau, dei har nok vore smånervøse dei siste dagane, skuleåret er berre knappe to veker gamalt, og no skal teori setjast i ut i praksis, seier Falsen Brække.

Korleis skal vi møta brukarane? Kva ventar dei av oss?

Skal vi tolka læraren og og lektoren sine meldingar til dei unge helsefagarbeidarane si innsats er alderdomen vår i trygge hender.

– Vi er veldig stolte av det elevane våre gjer her i dag!

På spørsmål om kva dei to meiner om Luranetunet er dei klare i si sak:

– Slik Luranetunet står fram no, med sansehage, flotte rom og ikkje minst tropehage er dette verkeleg ein god stad å bu!

10 årsjubileum i 2019

Kom deg ut-dagen er eit populært arrangement i skog og på fjell over heile landet. Dette er langt frå første gong at Luranetunet heng seg på DNT sitt opplegg, om enn på ein annan dato.

– Neste år er det duka for 10-årsjubileum for Kom deg ut på Luranetunet, sa einingseiar Aud Winsents i velkomsthelsinga si.

Med eit nytt kull flinke elevar, trufaste frivillige, pårørande, tilsette ved Luranetunet og kultureininga på lag er det berre å gle seg allereie.

Fleire saker