Lokal | 30. apr. 2012

9 av 9 til Søfteland

Os 2 og Nore Neset spelte uavgjort i helga, Lysekloster vann med begge lag, Os sitt damelag vann på heimebane og Søfteland tok sin tredje siger på rad.

9 av 9 til Søfteland
Full pott etter tre kampar: Søfteland jublar helg etter helg. (Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. apr. 2012 09:09

Det har vore ei god fotballhelg i Os. Laurdag tok A-laget til Os ein fortent 4-1-siger over Stavanger, men fleire andre lag har også fine resultat å visa til.

Damelaget til Os, som spelte 1-1 borte mot Krabbetor i serieopninga, tok ein fin 1-0-siger over Bønes i går.

4. divisjon:

Lysekloster spelte borte mot Valestrand Hjellvik, tok leiinga, hamna under 2-1 til pause, utlikna i andre omgang og stakk til slutt av med sigeren 3-2 etter nokre dramatiske sluttminutt.

– Det blei ein dårleg førsteomgang for vår del, med mykje høge ballar. Men andreomgangen blei betre og slutten blei veldig spennande, seier trenar Ørjan Sandal.

Ein corner som nesten blei nikka i mål enda på innsida av stanga og ut igjen. Spelarar ramla inn i mål så målet blei skubba av banen og velta. Kort tid etter kom ein retur frå tverrliggar på rett plass og Lysekloster nikka inn sigersmålet i siste spelesekund.

– Valestrand sparka ballen i gong frå midtbanen, men så bles dommaren av og det blei stille hos dei elles så livlege Valestrand-supportarane, seier Sandal.

5. divisjon:

Søre Neset speler heime mot Lyngbø 2 i kveld og jaktar frå klokka 19.30 på sesongens første poeng.

Os 2, som vann sesongens to første kampar, spelte borte mot Fitjar i går. Kampen enda 1-1.

– Espen Borgen skåra med den beste headinga han nokosinne har hatt. Skåringa kom på fin corner frå Tor Erik Berge, fortel Terje Kvittingen.

Fitjar overtok og utlikna før pause. Ifølgje Kvittingen blei det Os sin tur igjen i 2. omgang, men det kom ikkje fleire mål.

6. divisjon:

Lysekloster 2, som også vann sesongens to første, leia 5-1 over Mann etter 23 minutt. Då blei det ifølgje Sandal litt gå-fotball og 6-2-siger.

Nore Neset, som slo Mann 9-2 i førre runde, spelte uavgjort 3-3 mot Nordre Fjell 2.

Søfteland speler i ei anna avdeling og har også full pott etter tre kampar. I tredjekampen i helga slo dei Lyngbø 3 3-1 på bortebane.

Målskårarar var Remi Søfteland, Eirik Johnsen og Tommy Skorpen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.